Historisk i Bømlo kommune

Det var eit feststemt personale ved Svortland skule som nyleg fekk vere med på ein historisk dag. Deira kollega dei siste 16 åra Elin Jordal Nesse skulle takkast av som pensjonist etter 50 år som arbeidstakar i Bømlo kommune!

folk med ballongar og norske flagg - Klikk for stort bileteEli Meling leia an i hyllesten av Elin Nesse Jordal sin avslutningsfest. Simon Knutsson Sortland Takketalar, gåver og blomebukettar skulle delast ut og flotte kaker og god kaffi nytast saman med gode kollegaer - mange ikkje eingong født då Elin Nesse Jordal byrja i kommunen. Rektor Kari Østensen takka for den flotte jobben Elin har gjort hos dei desse 16 åra. Ho meiner jubilanten er eit ja-menneske som fiksar det meste og med kommunen si vakraste håndskrift.

- Eit privilegium

Kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund ynskte festlyden velkomen. Han drog dei historiske linjene i Elin sine femti år i arbeidslivet frå EF-kamp, Vietnamkrig, prøvesendingar med fargefjernsyn, likestilling og alle skiftande trendar. Bjørklund understreka at ho både som privatperson og tilsett i kommunen har vore med på samfunnsutviklinga heile denne perioden. Heilt frå håndskrivne brev til skrivemaskinar, dei første pcane og internett til i dag der du har i lomma all den datakraft ein før hadde eit heilt rom for å få plass til.  

- Eg skal ikkje seie så mykje om at du har måtta tole så mange og store endringar gjennom ditt lange arbeidsliv, men heller seie for eit privilegium du har hatt som har fått vere med og bidrege i arbeidslivet gjennom fem tiår. For eit privilegium du har hatt som har hatt helse til å jobba til du no blir 67. For eit privilegium det må ha vore å få kjenna at ditt bidrag har betydd noko på arbeidsplassen og for kollegaer. For eit privilegium det har vore for Bømlo kommune å få ha ein arbeidstakar heile 50 år. Det er ganske unikt. Takk for innsatsen og lukke til som pensjonist, helsa Bjørklund.

- Eit eventyr

- Ja, eg er historisk, strålte ein rørt jubilant. På sitt sprudlande vis fortalde ho om tilsetjinga si av Bømlo formannskap den 16. mai 1972. Visstnok grunna at mor mi var slikt eit arbeidsjern og at eplet nok ikkje falt så langt frå stamma, fortalde Elin. Ho kunne fortelje at ho har vore innom mange ulike jobbar i kommunen, frå sentralbordet til sekretær på teknisk etat og for politiske utval, til kundetorget og til slutt resepsjonen på Svortland skule. Elin var så full av historiar frå arbeidsplassen og hadde fleire nedskrivne sider med notater - som ho ikkje brukte. Noko som ikkje kom som ei overrasking på nokon.

- Her på Svortland skule fekk eg ei fantastisk mottaking og har hatt kjekke år. Jo, eg har vore med på ei rivande utvikling og de veit ikkje kor lettvint de har det i dag. Eg kom til å tenkje på det, eg har overlevd 12 ordførarar. Ja, no har eg vel fått sagt det meste. Det har rett og slett vore eit eventyr, avslutta og takka ei tydeleg rørt Elin Jordal Nesse.

Det vart ikkje betre då alle kollegane reiste seg opp på stolane og stemte i eigendikta song etter "Pomp and Circumstances March" med ballongar og norske flagg. Ei heidundrande avslutning på ei historisk arbeidsreise i Bømlo kommune.

Til toppen