Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Ikkje kjend med nytt smittetilfelle

- Me er ikkje kjend med at det skal vere registrert ny smitte av covid-19 i Bømlo kommune, seier kommuneoverlege/smittevernlege Kjersti Follesø. Det er i dag meldt om eit nytt smittetilfelle på Bømlo i andre media. 

Testutstyr korona (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Det vert opplyst i andre media i dag basert på VG sin koronastatistikk at Bømlo kommune skal ha fått sitt 6. tilfelle av covid-19 smitte. VG henter sine data direkte frå Folkehelseinstituttet (FHI) sitt meldingssystem for smittsame sjukdomar (MSIS), som er det offisielle registeret for tal coronasmitta i Norge. Tala frå MSIS kan avvika frå kommunen sine eigne tal. 

 

VG opplyser at årsakar til at MSIS-tala kan avvika frå kommunen sine eigne tal kan vere:

•  Registreringar i MSIS baserer seg på folkeregistrert adresse. I nokre tilfelle kan den smitta opphalde seg, og få behandling, i ein annan kommune enn der vedkomande er folkeregistrert. Det kan t.d gjelde studentar. Heimkommunen vil ikkje nødvendigvis vite om desse tilfella, sjølv om det er registrert på deira kommune i MSIS.

•  Personar utan fødselsnummer registrerast i kommunen prøven er rekvirert frå. Dette kan vere ei kjelde til at tilfelle vert registrert i ein annan kommune enn den dei eigentleg oppheld seg i, og kvar dei vert fulgt opp.

•   FHI opplyser også at det kan vere nokre få andre tilfelle der smitte kun varslast til MSIS, og ikkje kommunelegen.

•  Om kommunen melder om fleire tilfelle enn VG på sine heimesider, er det anten grunna tilfella ikkje er registrert i MSIS eller er registrert der på ein annan kommune.

 

Bømlo kommune sitt femte og sist offisielt registrerte Covid-19 tilfelle var 2. mai 2020.

Sist endra 25.08.2020 09:19
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering