Industri i medvind

Over 100 bygdafolk tok turen innom Rubbhallen i finavêret tysdag 5. juni for å få med seg informasjon om utviklinga av industriområdet i Rubbestadneset. Unitech og LOS gruppen saman med kommunen fekk presentert reguleringsplan og konkrete prosjekt som tydeleg syner at industrien i Rubbestadneset har god vind i segla for tida.   

Folk studerar plankart. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Ordførar Odd Harald Hovland ynskte velkomen og sa seg imponert over frammøte som syner det store engasjementet som er i Rubbestadneset for tida. Han meinte det var ekstra hyggeleg at me same dagen fekk nyhenda om eit nasjonalt katapultsenter lokalisert til Sunnhordland og der Rubbestadneset vil spela ei nøkkelrolle.

 

Stor aktivitet

- Kommunen skal vere ein tilretteleggjar og fasilitator, men me vil nok også styrka vår rolle og engasjement her i Rubbeseadneset framover, sa rådmann Geir E. Aga. Han omtala kort alle prosjekta kommunen for tida er involvert i som den nye aktivitetsparken, gapahuk, tursti, barneskulen, vegar og ferjekaien. Det er over 1500 innbyggjarar som soknar til Rubbestadneset.

 

Vidar Vedå frå Gøtz As presenterte reguleringsplanen for det utvida industriområdet som no ligg ute på høyring. Han forklara planprosessen og korleis ein har tenkt utvidinga gjennomført. Plansjef Njål Gunnar Slettebø i Bømlo kommune svara og på spørsmål frå salen.

 

- Me legg vekt på at me skal skapa eit teknologisenter meir enn eit forskingssenter. Det er først og fremst det å skapa nye produkt, utvikla pilotar og prototypar me skal ha fokus på, men me skal bruka forsking, understreka prosjektleiar Gunnar Birkeland i Unitech. Han og syntes det var god timing at dei vert del av Norsk katapultsenter i regi av næringsklynga NCE Maritime CleanTech der også næringsklynga NMEC i Rubbestadneset er sentral.

 

- Gode på problemløysing

- Grunnen til at me valde å satsa på Rubbestadneset og Bømlo er først og fremst kulturen med den direkte veremåten og at ein er gode på problemløysing. Dessutan har Sunnhordland og Haugalandet det beste miljøet i verda for det me driv med. Me vil vidareutvikla dette. Birkeland poengterte også at dei vil vere med å løfte opp den yrkesfaglege utdanninga i Norge som no er viktigare enn nokonsinne, og at det er difor dei fremja planane om ny yrkesskule i tilknyting til teknologisenteret.

 

- Me ynskjer eit mest mogleg kompakt dokkområde, og ser for oss to byggjetrinn av flytedokken der det andre inneber å reisa hallen med ei høgd på 55 meter, seier dagleg leiar Olav Hilmar Koløy ved LOS Marine AS. Han presenterte LOS gruppen og deira planar framover.

 

Etter ein spørsmålsrunde frå salen konkluderte rådmann Aga med at Unitech er komen for å bli, noko Birkeland stadfesta. Bygdafolket kunne gå heim med fornya tillit til prosjektet og von om fleire hundre nye arbeidsplassar i bygda på sikt.

 
Industriområdet Rubbestadneset gnr. 83, bnr. 682 m.fl. planid 201715. Kart. (Gøtz AS) - Klikk for stort bilete Unitech og LOS elektro (Unitech) - Klikk for stort bilete Tomtearbeid fior nytt teknologisenter Rubbestadneset. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 06.06.2018 10:22
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 32
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering