Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Influensavaksinasjon i ei Covid-19 tid

Hausten er komen, og det er tid for influensavaksinering for sesongen 2020/2021. Influensavaksina er i år gratis til personar som tilhøyrer risikogruppene. Grunna korona-pandemien er risikogruppene ekstra sårbare.

Eldre dame blir vaksinert av helsesjukepleiar. (FHI) (FHI) - Klikk for stort bilete

Kommunen vil tilby vaksine til innbyggjarane i målgruppene for influensavaksinasjon (risikogrupper, helsepersonell og andre) som tidlegare år. Korona-pandemien vil ha innverknad på korleis me organiserer influensavaksineringa. 
 

Annleis organisering


Influensavaksineringa vil verta organisert annleis enn tidlegare år grunna omsyn til reglar om smittevern og pandemi.  Influensavaksinering vil gå over fleire dagar på Svortland og Søre-Bømlo/Espevær. Soknar du til Moster må du kontakta legekontoret for timeavtale for vaksinering her.
 
Det vil bli tilbod om influensavaksinering på oppsatte dagar frå veke 43 og utover.
 
 
Me oppfordrar folk til å møta på dei oppsette dagane, men dersom det ikkje passar kan du ta kontakt slik:
 
Slik blir gjennomføringa:
Vaksineringa vert gjennomført i puljer med utgangspunkt i alfabetet og første bokstav i etternamnet. Køen vert organisert med 1 meter avstand, ventearealet vil ha stolar sett ut med 1 meter avstand, og puljer på max 20 er samla om gongen. 
 
• Fleire personar til å registrere og vaksinere slik at me unngår for tett kontakt mellom dei oppmøtte.
• Dei oppmøtte vil få utdelt munnbind til bruk under opphaldet.
• Det vil vera spritdispensarar plasserte ved inngang og før ein går ut.   
Fastlegane er oppfordra til vaksinere risikopasientane når dei er inne for vanlege konsultasjonar i denne perioden for å redusere ekstra besøk på fastlegekontora.
Gravide som har time hjå jordmor i denne perioden vil få influensavaksine i konsultasjonen der.
Eldre som har besøk av/teneste frå heimesjukepleien, vil etter avtale kunne få vaksine av desse    
Det vil vera høve for timeavtale på helsestasjonen om det ikkje passar på aktuell dag.
 

Meir sårbare

 
Vinteren er influensatid, og i år er me ekstra sårbare. Ein pågåande eller nyleg gjennomgått influensa vil gjera risikoen for ei meir alvorleg utvikling av ein Covid-19-infeksjon større. Det er derfor viktigare enn nokon gong å beskytte dei som er sårbare -  både i eigen familie og i arbeid.          
 
I dei seinare år har influensautbrotet starta rundt juletider med ein topp anten ved nyttår eller rundt vinterferien. Det er derfor svært viktig at så mange som mogeleg er vaksinerte før jul. Samtidig må ein unngå at vaksineringa startar for tidleg, då immuniteten etter influensavaksine vert redusert gradvis og vanlegvis ikkje varer meir enn 6 månader - spesielt hjå eldre.   
 

Risikogrupper - influensavaksine er spesielt tilrådd:                     

Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko 
Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
Alle frå fylte 65 år
Barn og vaksne med:
diabetes type 1 og 2
kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
nedsatt immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (td. kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
svært alvorleg fedme (KMI over 40)
anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa kan føre til ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
 
I tillegg tilrår ein  influensavaksine til:

Helsepersonell som har pasientkontakt.
Personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar
Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar.     
 
Det er også tilrådd å tilby pneumokokkvaksine til personar i risikogruppene som ikkje har tatt denne vaksina dei siste 10 åra.
 

Kostnad - influensavaksina


Gratis til personar som tilhøyrer risikogruppene.
Konsultasjonskostnad på kr 50  for influensavaksina
Pneumokokkvaksina kostar kr 450 per dose
Du kan betale med kort eller Vipps
 
Sist endra 27.10.2020 11:50
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 33 35
Mobil:
414 32 210
E-post:
Tittel:
leiande helsesjukepleiar
Bunnhjørne
Relaterte artiklar (1)
 
Login for redigering