Koronavaksinering av barn og unge
Folkehelseinstituttet vurderer at koronavaksine til barn og unge kan ha positiv nytte. Risiko for alvorleg sjukdom i denne alderen er liten, og behovet for vaksine for barn og unge er avgrensa. For barn og ungdom 5 – 15 år er det derfor for dei fleste ein opning for kan, men ingen tydeleg anbefaling om vaksinasjon. Den enkelte familie må sjølv vurdere nytten ved vaksinasjon ut frå eigen situasjon. For ungdommar 16 – 17 år er det ein tydeleg anbefaling om at denne gruppa bør ta i mot 2 doser koronavaksine. For dei som har vore smitta med koronaviruset tel gjennomgått sjukdom som ein vaksinedose.
16 og 17 åringane, født 2003, 2004 og 2005
- Anbefalast 2 doser med Comirnaty 30 mikrogram /dose (Pfizer /BioNTech) med 8- 12 vekers intervall
- De som er fylt 18 år kan ta ein oppfrisking dose 20 veker etter siste dose i grunnvaksineringen dersom de ynskjer.
12 – 15 åringane, født 2009, 2008, 2007 og 2006
- Føresette kan la sitt barn vaksinere dersom de/barnet sjølv ynskjer det. De får tilbud om 2 doser Comirnaty 30 mikrogram /dose (Pfizer /BioNTech) med 8 – 12 vekers intervall.
5 – 11 åringane, født 2016 – 2010
Føresette kan la sitt barn vaksinere dersom de ønskjer det. De får tilbod om 1 barnedose (10 mikrogram/dose) Comirnaty (Pfizer /BioNTech).
Det vil vera mest aktuelt for:
- Barn med kroniske sjukdommar (tilsvarande grupper som er tilrådd influensavaksine)
- Familiar der barn har nær kontakt med personar med særleg behov for beskyttelse.
- Barn som har økt risiko grunna reiser til områder med høgare smitterisiko eller dårlig tilgang til helsetenesta.
FHI har no sagt at barn 5-11 år med alvorlig grunnsjukdom bør la seg vaksinere.
Ein dose vurderast å gi best nytte-ulempebalanse, men det er mogleg å gi dose 2 etter 8-12 veker om føresette ønskjer dette.
Koronavaksinen er ikkje godkjent for barn under 5 år.
For dei som ynskjer å la barnet vaksinerast gå inn på ‘Registrer og gi samtykke til barnet’ linken, om det er 2 føresette med foreldreansvar må begge inn og samtykke. Så vil de få invitasjon på SMS. Det blir egne daga for vaksinering av barm 5-11 år, då dei skal ha barnevaksine.
Informasjonsark om koronavaksine for ungdom 12-15 år
Vaksineringa vert gjennomført på Helsestasjonen.