Informasjon På døra - eit testprosjekt

Posten har plukka ut 150 innbyggjarar over 67 år i Bømlo kommune som vil få tilbod om personleg levering av post og informasjon frå kommunen på døra ein gong i veka fram til utgangen av november. Dette er eit mindre pilotprosjekt i regi av Posten og KS som Bømlo har sagt ja til å vera utprøvingskommune for. 

I samarbeid med Posten Norge vil Bømlo kommune i vekene framover testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar og kommunale tilbod til innbyggjarar over 67 år. I tillegg til kommunal informasjon og aktivitetar vil informasjonsarket innehalda andre aktuelle nasjonale tema, som til dømes tryggleik og friviljugheit.

Personleg levering av post og informasjon

I praksis inneber denne testen at 150 seniorar i Bømlo vil få tilbod om personleg levering av post og informasjon frå kommunen på døra ein gong i veka. Postbodet kan ta med post og ferdig frankerte pakkar som dei måtte ynskje å senda. I tillegg vil 350 andre testdeltakarar få same informasjonsark i postkassen. Dei det gjeld har alle fått eit velkomstbrev der dei kan reservera seg mot å delta i prøveordninga, som er heilt gratis. Dette blir også testa ut i fleire andre kommunar.

Konkret vert det testa om eit ein-til-ein-møte på dørterskelen har førebyggjande effekt. Dette skjer ved at den enkelte opplever tryggleik og meistring i sitt eige liv. Kjernen i det som vert testa, er enkel formidling av informasjon regelmessig gjennom korte møte på dørterskelen, i tillegg til at postbodet leverer post. Dette kan vera ein kanal for å formidla bodskap og informasjon om til dømes aktivitetar som skjer i kommunen. Det kan også vera ein kanal for informasjon og rekruttering til frivillig arbeid. Sist, men ikkje minst, vert det undersøkt om tenesta kan skape tryggleik for den enkelte og bidra til ei kjensle av tilknyting til samfunnet. 

Samarbeidsavtale

KS og Posten inngjekk ein samarbeidsavtale om våren 2021 for å utforska om ulike aktørar, på tvers av sektorar og forvaltingsnivå, saman kan skapa velferd på nye måtar i lokalsamfunna. Samarbeidsavtalen handlar om å identifisera behov, utvikla alternative konsept, eksperimentera og testa desse for å sjå kva effekt det har for innbyggjarane. Posten er til stades i heile Noreg. For å halda levande lokalsamfunn i heile landet, må me tenkja nytt kring roller, oppgåver og ansvar. Me må utforska nye samarbeidsformer. Dette er utgangspunktet for KS sitt partnarskap for radikal innovasjon. Delen eldre i befolkninga aukar, og det er viktig å førebygga og finna løysingar som sikrar at så mange som mogleg kan bu heime så lenge som mogleg.

- Testdeltakarane vert beden om å gje tilbakemeldingar på kva dei synes om dette tilbodet, om dei ville gjort noko annleis, og om det er andre ting dei kunne ynskja seg frå kommunen. Å delta i testen er sjølvsagt frivillig, men kommunen vonar at dei vil setja pris på å få personleg levering på døra, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i Bømlo kommune. 
 

Til toppen