Informasjon til deg som mottek faktura frå Bømlo kommune

Tenesta eFakturakunde gjer frå onsdag 1. desember ei viktig endring for at det skal bli enklare for deg å betala rekningane dine. Du vil frå no av kunne motta eFaktura frå første rekning frå kommunen og bedrifter som tilbyr eFaktura. Frå i dag vil også kommunen tilby deg å betala fakturaen via Vipps. 

Viktig endring i eFaktura

Ved å gi ein generell aksept kalla «Ja takk til alle» eller Alltid eFaktura vil du heretter kunne motta eFaktura frå første rekning frå kommunen og bedrifter som tilbyr eFaktura. Det betyr at du ikkje lenger må inn i nettbanken for å melda deg på mot dei enkelte bedriftene. Dette vil gjelde frå 1. desember 2021. Me oppmodar difor alle eFakturakunder til å inngå «Ja takk til alle»-avtale snarast mogleg.

Frå 15. mai 2022 må du som eFakturakunde gi ein generell aksept for eFaktura for å halde fram som eFaktura-bruker. Dette vert omtala som «Ja takk til alle» eller Alltid eFaktura, avhengig av kva bank eller betalingsapp du har. For å framleis kunne motta rekningar og faktura som eFaktura, er det viktig at du aksepterer «Ja takk til alle» i din nettbank eller betalingsapp. Dersom aksepten ikkje vert gjennomført før fristen, vil du ikkje lenger motta eFaktura etter 15. mai 2022.

Meir om endringane i eFaktura

Kommunale faktura også på Vipps

Frå 1. desember vil kommunen også sende ut faktura på Vipps. Dersom du ikkje ynskjer faktura på Vipps, må du gå inn i appen din under «Profil» - «Regninger og eFaktura» og slå av «Vis regninger i Vipps». Kunder med eFaktura eller avtalegiro-avtale, vil ikkje få faktura på vipps.

Ved spørsmål - kontakt oss på e-post: rekneskap@bomlo.kommune.no

bilde av efaktura - Klikk for stort bileteNye rutinar for efaktura og Vipps i Bømlo kommune. Simon Knutsson Sortland  

Til toppen