Informasjon til dei som får støttekontakt og avlastning for barn og unge i Bømlo

I samråd med kommuneleiinga stoppar Barne- og familietenesta alle tiltak som støttekontakt og besøksheim/avlastningsheim i denne fasen, for å avgrense smitteomfang og kontakt som ikkje er absolutt naudsynte.  

Ei hand å halda i - Klikk for stort bilete

Vurdering av kva som er naudsynt vert gjort i samråd med oss som sakshandsamarar. Ingen skal utøve tiltak utan godkjenning. Me vil sjølvsagt tilrå å vise varsemd, oppmode til hyppig handhygiene og ikkje oppsøkje plassar med folkemengder. Dersom de får sjukdomssymptom, skal godkjende og planlagde tiltak avlysast. 

 
- Me har stor forståing for at dette kan vere ei vanskeleg tid for mange av dykk. De er velkommen til å ta kontakt med oss på telefon eller e-post om de har behov for det. Ta godt vare på kvarandre!
 
Gro Marita Våge Tulloch
gmv@bomlo.kommune.no
468 92 130 
 
Cecilia Thormodsæter 
Cecilia.Thormodsaeter@bomlo.kommune.no
907 99 453
 
Tina Olsen 
Tina.olsen@bomlo.kommune.no
941 71 130
Sist endra 17.03.2020 16:50
Fant du det du leitte etter?