Inga UKM- markering i Bømlo

Den tradisjonelle UKM- markeringa i Bømlo kommune går ut i 2023. Det vert eit samarbeid med ungdomsrådet om eit større arrangement i april.

Ung Kultur Møtes (UKM) har gjennom mange år vore arrangert i eit samarbeid mellom Bømlo, Fitjar og Stord. Kommunane har samarbeida godt, med fokus på å leggja til rette for gode opplevingar både på og bak scenen. Dei siste åra har me opplevd at tal på deltakarar har gått kraftig ned, og i fjor var det diverre veldig få deltakarar.

Bømlo kommune har derfor bestemt at den tradisjonelle UKM- markeringa går ut i 2023, og at ein i år vil samarbeide med ungdomsrådet om eit større arrangement i april. Planlegginga er så vidt i gang og me kjem tilbake med meir informasjon om tid, stad og innhald.  Stord og Fitjar er informert om dette.

Til toppen