Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Ingen nye smittetilfelle på Bømlo, men faren er ikkje over

Koronavius (FHI) - Klikk for stort bilete

Det er ikkje registrert nye smittetilfelle av koronaviruset i Bømlo kommune i sommar. Det femte og sist registrerte smittetilfellet var 01. mai. Sjølv om me no har god kontroll lokalt, er dette noko som kan endre seg raskt. 

Etter at nordmenn igjen fekk lov til å reise utanlands steig smittetala nasjonalt. Mange kjem i desse dagar attende frå ferie og reise i både utland og innland, og med det aukar risikoen for smitte i kommunen. Dersom du har vore i eit «raudt land» skal du i karantene i 10 dagar. For helsepersonell gjeld eigne reglar. Situasjonen er i stadig endring og det er viktig å søkje oppdaterte råd frå Folkehelseinstituttet om reise og innreisekarantene på deira nettside. 

Me ser i media at lokale utbrot skjer i andre kommunar og at smitten ikkje treng vere langt unna.  Til dømes har smittetilfella på Hurtigruta konsekvensar for heile 69 kommunar. Bømlo er ikkje ein av desse.

 

- Me veit at ikkje alle som blir smitta, blir sjuke. Difor kan me ikkje alltid vere sikre på at me sjølv ikkje kan vere ein smittespreiar, understrekar smittevernlege Kjersti Follesø i Bømlo kommune.

 

Bømlo kommune har god testkapasitet og om du opplever luftvegssymptom eller om du har behov for testing, ta kontakt med luftsmittemottaket på 53 42 30 01 mellom 08:30-12:00 og 13:00-14:30 måndag, tysdag og torsdag. Meir informasjon finn du her.
 

Bømlo kommune ønskjer at terskelen for å teste seg for koronasmitte skal vere låg. Dersom du er usikker på om du skal teste deg, kan www.koronasjekk.no vere ei nyttig teneste.

 

- Å teste seg er å ta ansvar for både seg sjølv og sine medmenneske, seier fungerande rådmann Bjørn Håvard Bjørklund og minnar om smittevernråda om å vaske henda ofte, halde avstand og å vere heime om ein har symptom. Folkehelseinstituttet har sagt at me må vere førebudde på å leva med krav til avstand og handvask i 2-3 år framover. Det er ekstra viktig å minna om handhygiene og avstand når me no går hausten i møte; dersom alle er flinke til å følgja desse råda kan me også avgrensa effekten av anna smitte, som t.d. sesonginfluensa. Då står me betre rusta til å handtera eit evt. utbrot av koronasmitte, seier Bjørklund.  

 

Når barnehagar og skular startar opp att vil det vera på såkalla gult nivå. Det tyder at ingen sjuke skal koma på jobb eller møte i barnehage/skule/SFO. I tillegg vert det framleis fokus på god hygiene og forsterka reinhald. Meir informasjon om barnehage og skulestart kjem dei neste dagane.
 

www.helsenorge.no  finn du oppdatert og utfyllande informasjon om koronaviruset.

Sist endra 07.08.2020 13:27
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering