Innvandring aukar folketalet i Bømlo

Bømlo kommune har auka folketalet med 71 frå førre årsskifte syner siste statistikk frå Statistisk sentralbyrå. Per 01.01.2023 tel me no 12 132 bømlingar. Folketalsveksten er i praksis basert på innvandring, då i hovudsak folk frå Ukraina.

graf som syner utvikling av barnetale i Bømlo 199-2023. - Klikk for stort bileteGrafen syner utvikling av barnetala i Bømlo 199-2023. Framsikt Bømlo kommune

Det er kanskje noko grunn for uro då fødselstalet er svært lågt. 103 vart født i 2022 som er 16 færre enn i 2021. Det døde 80 bømlingar i 2022 slik at fødselsoverskotet var på 23. Netto innvandring frå utlandet utgjorde 71. Netto flytting innanlands var minus 23 innbyggjarar i 2022. 

Tilflyttinga påverkar skule og barnehage

Barnetala har vore stabile til no, men me ser byrjinga på ein nedgang. Aldersgruppa 1-5 og 6-12 år har gått ned med høvesvis 9,0% og 5,4% siste 5 år – frå 748 til 681 og 1213 til 1147.

tabell som syner utviklinga i årskulla 2007-2022 som no går i skule/barnehage i Bømlo. - Klikk for stort bileteUtviklinga i årskulla 2007-2022 som no går i skule/barnehage.

Tilflyttinga påverkar skule og barnehage slik at nedgangen ikkje har vore så stor som ein skulle venta ut frå dei årlege fødselstala. Utviklinga i årskulla 2007-2022 som no går i skule/barnehage syner at netto tilvekst av barn er betydeleg og har vore sterk dei siste åra. Det er 41 fleire i barnehagealder i 2021 og 28 fleire i 2022.

Fleire eldre

I andre enden av aldersskalaen ser me at gruppa eldre 67 -79 har vist og viser framleis vekst. Totalt 68 fleire i denne aldersgruppa i 2022. I aldersgruppa 80-89 vil me dei nærmaste få ein årleg vekst på mellom 50 – 75. Veksten i 2022 var på 37. Gruppa 90+ har tilbakegang med 12 personar.

graf som syner utvikling av tal eldre i Bømlo 199-2023. - Klikk for stort bileteGrafen syner utvikling av tal eldre i Bømlo 199-2023. Framsikt Bømlo kommune
Til toppen