Inviterer byggjenæringa på frukostmøte

Onsdag 15. juni inviterer Bømlo kommune saman med Atheno delA byggforum og Husbanken til frukostmøte i Moster amfi. Økonomiske verkemidlar i Husbanken for privatbustadar og utleigebustadar, samt synfaring på Dalaneset og ved omsorgbustader på Moster står på menyen.

I invitasjonen poengterer kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter at samlinga med Husbanken vil vere av stor relevans for byggjenæringa, næringsråda, kommunale eigedomsselskap, kommunale prosjektleiarar og tilsette innan helse, sosial og omsorg. Samlinga er også meint for aktuelle gjester frå nabokommunane våre. Tidlegare møter av denne sorten har synt seg svært fruktbare for både arrangør og deltakarar. Å byggja opp om den gode dialogen og samarbeidet mellom offentlege og private aktørar er målet med desse møta.

PROGRAM

  • Felles frukost.
  • Kort orientering ved kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.
  • Innlegg ved Bjarte Bøe Alræk, avdelingsdirektør Lån og tilskudd ved Husbanken.
  • Kva økonomiske verkemidlar står til disposisjon for å auka utbyggingstakta for både ordinære bustadar til privatmarknaden, - og ulike former for private eller kommunale utleigebustadar?
  • Kva er moglegheitsrommet som ligg i dei økonomiske ordningane til Husbanken?
  • Synfaring ved omsorgsbustader på Moster.
  • Synfaring på Dalaneset.

Påmeldingsfristen er 13. juni.

Invitasjon til frukostmøte i Moster amfi 15. juni (PDF, 353 kB)

Til toppen