Inviterer til dialogmøte med byggebransjen

Bømlo kommune saman med Atheno inviterer bygg- og anleggsbransjen til dialogmøte fredag 29. oktober i rådhuset.

- Bømlo kommune og den lokale bygg- og anleggsnæringa er avhengige av kvarandre for å skape attraktivitet for næringsutvikling og bulyst på Bømlo. Difor er det veldig kjekt å kunne invitere til samling for ein enno betre og tettare dialog framover, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Etter orienteringar om rullering av kommuneplanen sin arealdel (KPA), oppfølging av samfunnsdelen i arealforvaltinga og informasjon frå avdeling for byggesak og deling vert det workshop. Tema for denne er samhandling og ønska innspel til arealdel i kommuneplanen.  Kommunedirektøren har med seg kommunalsjef for samfunnsutvikling Tone Stavland, fagansvarleg for avdeling byggesak og deling Elisabeth Gjerde, prosjektleiar KPA Thorleif Lea og samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker til å stå for orienteringane.

Program

tekst med program for dialogmøte - Klikk for stort bileteDet vert enkel servering. 

Påmeldingsfristen er 27. oktober.

Påmelding sendast til ole.jacob@atheno.no

Til toppen