Inviterte ordføraren på internasjonal lunsj

Deltakarane på Bømlo vaksenopplæring inviterte tysdag ordførar Sammy Olsen, kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund på lunsj med rettar frå alle verdsdelar utanom Australia.

mange personar forsyn seg av mat frå langbord - Klikk for stort bileteDeltakarane ved Bømlo vaksenopplæring forsyner seg av maten dei sjølv har laga til. Simon Knutsson Sortland I forkant fekk dei ei orientering om tenestetilbodet ved vaksenopplæringssenteret og status frå rektor Kari Friis Sortland.

- Tusen takk. Dette set me stor pris på. Me må nok ta ein runde til skal me klara å få smaka litt av alt, takka kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Bjørn Håvard Bjørklund. Han gav ei kort oppsummering av informasjonen rektor og avdelingsleiar Maren Laurhammer Gilje hadde gitt dei i forkant av lunsjen.

Det var filippinske Amanda Hereid som på vegne av deltakarane ved Bømlo vaksenopplæring (BVO) kunne ynskje ordførar, kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og kommunalsjef Bjørklund spesielt velkomen. Det var deltakarane som hadde førebudd lunsjen og laga all maten frå nær alle hjørner av verda. Ukrainske Julia Zabrotska spela ein pianolåt av heimlandet sitt mest populære band Okean Elzy som handla om å gje slepp på nokon.

Godt samarbeid

I tillegg til lovverket som pålegg oss å tilby ei rad tilbod til både flyktningar og arbeidsinnvandrarar, har me eit særs godt samarbeid med NAV, Barne- og familietenesta, næringslivet og friviljuge lag og organisasjonar, kunne rektor Friis Sortland fortelje. Ein god handlingsplan for integrering og dyktige lærarkrefter som skapar resultat gjer at mange kommunar ser til Bømlo og vårt arbeid.

Avdelingsleiar Laurhammer Gilje orienterte om pilotprosjektet og suksessen med «Inn på tunet» som er ei trening på veg inn i arbeidslivet. Det er Gullvegen gardstun som her gir særleg flyktningar utan formalkompetanse men med stor og variert yrkeserfaring ei språkopplæring.  Eit anna viktig prosjekt for språkopplæring gjennom yrkesaktivitet er «Me snakkast i kantina» der deltakarar frå BVO driv kantina på Bømlo vidaregåande skule.

God stemning

- Dette var veldig kjekt, seier Amanda Hereid som sjølv har deltidsjobb på Joker Finnås og ein mann som arbeidar i LOS-gruppa. Rundt bordet sit også andre som har fått seg ektefelle på Bømlo eller er flytta hit grunna jobb. BVO har også mange kurs og kompetansetilbod til desse.

Til toppen