iTeam nyaste Miljøfyrtårn i Bømlo

- Gratulera som sertifisert Miljøfyrtårn, sa ordførar Sammy Olsen då han overrakte plaketten til iteam AS avdeling Bømlo fredag ettermiddag. - Takk. Alle våre andre kontorer i Norge er sertifiserte, så dette var kjekt, takka kontorleiar Øyvind Olsen.

IT-verksemda med kontorlokale på Kuben skriv på si nettside at dei er iteam er eit av Norges raskast voksande IT-selskaper med over 30 avdelingar frå Svalbard i nord til Kristiansand i sør. Senior it-konsulent Øyvind Olsen har ansvar for avdeling Bømlo, der dei til vanleg er to-tre medarbeidarar. Men dei spelar på lag med avdelingane på Stord og Husnes, og er med i grupperinga som strekkjer seg frå Arendal til Bergen. Dei har mykje arbeid på Bømlo, med både utvikling, oppsett og drift av it-systemer. 

- Me har mykje jobb, og for tida særleg i fiskerihamna på Langevåg der me er sytten verksemder som jobbar i lag for å sy saman ein felles pakke, illustrerer Olsen. Selskapet iDrift etablerte seg på Bømlo i 2012, men vart nyleg ein del av iteam AS.

Viktig med Miljøfyrtårnsertifisering

- Miljøfyrtårn er Norges mest brukte miljøsertifikat. Det er eit anerkjent og effektivt verktøy for miljøleiing, som hjelper verksemder med å skapa konkurransefortrinn av berekraft, og samtidig bidrar til å oppnå flere av FN sine berekraftsmål. Bømlo kommune er glad for at verksemder i kommunen vel å sertifisere seg som Miljøfyrtårn, og det er difor ei stor glede for meg å overrekkje dette diplomet som eit prov på at iteam no er eit Miljøfyrtårn, gratulerte ordførar Sammy Olsen. 

Han la til at kommunen sjølv jobbar med å få miljøsertifisert alle sine avdelingar, og er komen eit godt stykke på veg. Dette, samt å påvirke kommunen sine bedrifter, lag og organisasjonar til å handla i tråd med FN sine berekraftsmål, er ein viktig del av kommunen sin klimaplan. 

Les meir om MIljøfyrtårn

Lær meir om iteam AS

Til toppen