Julebordet - alkohol og jobb

Julebord feststemning (AV-og-til) - Klikk for stort bilete

Skal arbeidsgivaren betale for alkohol på julebordet? Er det greitt å møte opp fyllesjuk andre dagen på seminaret? Korleis følgjer ein opp tilsette som kjem ruspåverka eller reduserte på jobb dagen derpå? 

Førebygg dei negative konsekvensane av alkohol i arbeidslivet. Felles køyrereglar på arbeidsplassen kan redusere dei negative konsekvensane, og vere eit godt fundament for både enkeltpersonar og arbeidsmiljøet.
Ein stor del av alkoholkonsumet i Noreg skjer i samband med jobben. V

 

Me drikk i skjeringspunktet mellom jobb og fritid, saman med kollegaer eller samarbeidspartnarar. Typiske situasjonar er reiser, kurs, middagar og seminar. Likevel oppgir berre 60 prosent av arbeidstakarane at arbeidsplassen har retningslinjer for alkoholbruk.


Kvifor er det viktig med regelverk?

Det å vere saman med kollegaer kan ha ein positiv effekt på samhaldet. Men drikking i samband med jobb har òg nokre negative sider. Alkoholbruk kostar bedrifter og det offentlege store summar kvart år. Både gjennom sjukefråvær og redusert effektivitet på grunn av fyllesjuke.


Alkoholbruk kan òg gå ut over tryggleiken. Dersom ein til dømes skal føre ei gravemaskin eller behandle pasientar, er det viktig å ha eit klart hovud. Då kan dagen-derpå-promillen utgjere ein risiko. Drikkepress og ein liberal alkoholkultur på arbeidsplassen kan òg vere uheldig for dei som slit med eit rusproblem.


Kva fungerer?

Det kan vere vanskeleg å ta opp alkohol som tema på arbeidsplassen, men det lønner seg å gjere det likevel. Det handlar ikkje om at ein aldri skal drikke i samband med jobben, men alle må vite kva som er greitt, og kva ein ikkje kan tolerere. Felles køyrereglar på arbeidsplassen kan vere med å førebyggje dei negative konsekvensane av alkoholbruk, både for enkeltpersonar og for arbeidsmiljøet generelt.

 

Slike køyrereglar og retningslinjer kallar vi ein rusmiddelpolicy eller alkoholpolicy. Regjeringa har som mål at flest mogleg tilsette i privat sektor og alle tilsette i offentleg sektor skal vere omfatta av ein slik rusmiddelpolitikk.


Sett i gang!

Om din arbeidsplass ikkje har ein rusmiddelpolitikk, er det å kartleggje alkoholkulturen til verksemda ein viktig og god start.

 

Les meir på AV-OG-TIL sine nettsider

Sist endra 30.11.2017 08:41
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Mobil:
909 51 516
Tittel:
slt koordinator
Bunnhjørne
 
Login for redigering