Kalkomnen offisielt opna

- Kalken, eller marmoren som eg vil kalla det, har vore ei viktig del av industrihistoria på Moster og Bømlo frå gamalt av. Dette prosjektet har ei stor kulturhistorisk verdi. Takka vere stor innsats, kunnskap og kompetanse blir gamle tradisjonar no ført vidare og set igjen denne industrien på kartet, understreka ordførar Sammy Olsen før han klyppte snora.

Sentrale personar samla under offisiell opning av kalkomnen på Moster 22. april 2022. F.v dagleg leiar Nina Meldahl Olsen i Moster amfi, dugnadsgeneral Bent Morten Steinsland, ordførar Sammy Olsen, kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter, murar Tore Granmo frå Fortidsminneforeningen og Per Storemyr frå Fabrica kulturminnetjenester. Simon Knutsson Sortland Før den offisielle opninga hadde Espira Moster barnehage og 5. klasse ved Moster skule fått vore med og klyppt snora med NRK Vestland på besøk. Dette er heilt naturleg då tusensårjubileet Moster 2024 har born og ungdom sentralt i si markering, og det å formidla historia og å skapa aktivitet i Mostratunet er svært viktig.

Historisk dag

Dagleg leiar Nina Meldahl Olsen i Moster amfi og kyrkjehistoriske senter skein om kapp med sola då ho fortalde om prosjektet og takka alle bidragsytarane som har gjort prosjektet med ny kalkomn på Moster mogleg.

- Dette er verkeleg ein historisk dag på Moster. Det gamle kalk- og gruvesamfunnet her dannar bakteppet, og no er me igang igjen. Dette er eit viktig prosjekt gjort mogleg av kunnskap, kompetanse og dugnadskrefter. Eg vil spesielt takka folk på Moster for den fantastiske innsatsen og engasjementet dei har vist. Men me har også hatt stor interesse for grindabygging og kalkomnen utanfor kommunen sine grenser, sa Meldahl Olsen før ho trakk fram nøkkelpersonane bak prosjektet. 

Det er dugnadsleiar Bernt Morten Steinsland, som ho kallar høvdingen av kalkomnen, har gjort ein formidabel innsats for at det no er full fyr i Norges nest største kalkomn bygd på gamle tradisjonar. Ekspertisen har Tore Granmo, som er fremst i landet når det kjem til gamle tørrmuringsteknikkar, og geolog Per Storemyr som er landets fremste ekspert innan kalkbrenning, bidrege med.

Nytt påskeunder

Sokneprest i Sveio og styreleiar Arild Steinsland i Moster amfi og kyrkjehistoriske senter fekk opp stemninga blant dei mange frammøtte då han i lett euforiske ordelag utbasunerte at denne dagen skjedde det eit nytt fullskala under og ei ny oppstandelse på 4. påskedag på Moster. I sin takketale framheva han alle bidragsytarar og slo fast at denne kalkomnen skal lage kalk til restaurering av Moster gamle kyrkje og andre middelalderkyrkjer i Noreg.

Les meir om kalkomnprosjektet på Moster amfi sine nettsider

Til toppen