Kan ta imot 70 flyktningar på kort varsel

Bømlo kommune er klar til på kort varsel å busetje 70 flyktningar frå Ukraina opplyste kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter mellom anna i si orientering til kommunestyret måndag 28. mars.

Kommunestyret vedtok samrøystes å auka busetjing av tal flyktningar i år frå dei allereie vedtekne 30 til 140 etter oppmodinga frå IMDi. Til no i år har Bømlo kommune avtale om å ta imot 20 flyktningar. Det er per 28. mars ikkje komen nokon flyktningar frå Ukraina til Bømlo. 

- Ei trygg hamn

- Først skal me gje flyktningane som kjem hit ei trygg hamn og ei god mottaking, før me skal jobbe for at dei som kjem får ein kvardag og blir integrert i samfunnet, understreka kommunedirektør Aga Gjøsæter. Han la til at koordineringsgruppa for mottaksapparatet har hatt tre møter og det er eit ypperleg samarbeid mellom frivilligsentralen, NAV, vaksenopplæringa og helse. 

NAV Bømlo kan no på kort tid stille inntil 70 sengeplassar til disposisjon. Hovudsakleg lokalisert i Svortlandsområdet. Me kan, dersom tilhøva ligg til rette for dette, også nytta oss av lokale på Langevåg og internatet på Bømlo folkehøgskule. 

Flest born under 14 år

- Estimata frå statleg hald er at 2/3 deler av flyktningane som kjem er born under 14 år, kanskje tilmed endå fleire. Me ser på kva skular som har kapasitet og best kompetanse, og ikkje minst kva behov dei einskilde borna som kjem har. Kva er dei klare for, kor traumatiserte er dei og kva type hjelp dei treng er viktig å kartleggja, opplyste kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund. 

Dei skulane som tek imot flyktningar vil få ressursar til å handtera situasjonen, men det er innføringstilbod ved Svortland skule og Bremnes ungdomsskule som ligg i botn for grunnskuletilbodet vårt. Det er lyst ut stillingar for tospråkleg assistent og morsmålslærar. 

Barnehagane i Bømlo er positive til å ta imot flyktningeborn, og sju av åtte barnehagar i kommunen har ledig kapasitet.

Fleire stillingar vil bli vurdert lyst ut for å styrkja mottaksapparatet generelt. Kommunane vil få statleg støtte for å kunna handtera denne situasjonen økonomisk, mellom anna eit garantitilskot for ubrukte plassar.

Slik kan du hjelpa

Registrering av flyktningar frå Ukraina

  • Hovudregelen er framleis at alle som kryssar grensa til Noreg skal registrera seg ved Nasjonalt ankomstsenter på Råde. 
  • Flyktningar frå Ukraina som allereie er i Sunnhordland, Haugesund eller Nord-Rogaland, som er uregistrerte, bur privat eller på annan innkvartering, må ringa politiet i Sør-Vest politidistrikt for å få registrert namn og telefonnummer. 

    Telefonnummer for registrering er 489 96 640
     
  • Etter denne første innmeldinga vil du bli kontakta av politiet med innkalling til ei full registrering ved politistasjonen på Stord eller i Haugesund. Her vil du få utdelt eit DUF-nummer slik at du kan få dei rettane du har krav på. 

    Registrering finn du her
     
  • Du finn meir informasjon og kontaktinformasjon ved å klikke på Sør-Vest politidistrikt pila. 
  • Du skal ikkje møta opp utan avtale.
Til toppen