Koronavirus - informasjon

Klart for Statsraad-besøk

Kaien i Rubbestadneset har nyleg fått seg ei overhaling og er klar til å ta imot NRK Sommarskuta i byrjinga av august.

Folk i frå Karmsund havn var nyleg på synfaring på dei seks kommunale kaiane dei disponerer for Bømlo. Dei vart då gjort merksam på at "NRK Sommarskuta" Statsraad Lemkuhl kjem til Rubbestadneset 3. august. Dermed sendte dei straks eit team for å pynta opp kailist og hengje opp redningsutstyr.

- Kjapt levert og i god tid før besøket som me set stor pris på. Kaien ser no veldig bra ut, kommenterer kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Til toppen