Komfyrvakt kan redda heimen din

Fersk statistikk frå DSB viser at brannvesenet rykka ut til 162 komfyrbrannar i Hordaland i 2017. Det er 30 fleire enn i fjor. Ei komfyrvakt kan redde heimen din frå å gå opp i røyk. 

Steikepanne på komfyr. Illustrasjonsbilde. (DSB) - Klikk for stort bilete

Brannvesenet rykka i fjor ut til 3 344 bustadbrannar i Noreg, heile 1 516 av desse var brannar eller branntilløp på komfyren.

 

- Komfyren er den klart største brannkjelda i heimen. Så godt som alle komfyrbrannar kjem av tørrkoking og ikkje teknisk feil ved produktet. Då er det veldig fint å ha ei komfyrvakt som hindrar at farlege situasjonar oppstår. Me tilrår alle å installere komfyrvakt seier leiar for brannførebygging Ragnhild Vad.

 

Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det leggjast opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekkje kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.

 

- Dei fleste sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkkenet. Enten om då det ringde på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt uoppmerksemd er alt som skal til for at ein brann skal blusse opp og kome ut av kontroll, seier Vad.

 

Slik fungerer komfyrvakta

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.

 

- Hald oppsikt under matlaging, skru av eller demp varmen om du blir avbrote i matlaginga, reingjer ventilator jamleg og pass på at det ikkje ligg brennbare ting for nære koketoppen. Ingen tek skade av å vente litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade om du gløymer det, seier tilsynsingeniør Reidar Haugland i Finnås Kraftlag.

 

Komfyrvaktkampanjen

Torsdag 15. februar arrangerast ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd rundt dei alt for mange komfyrbrannane. Ei komfyrvakt kan avgrense skadane og hindre at ein komfyrbrann utviklar seg til å bli alvorleg. Under kampanjen vil over 200 brannvesen, feiarvesen og det lokale eltilsynet ha lokale aktivitetar over heile landet. Som del av kampanjen vil det bli installert ei komfyrvakt hos nokon som har behov for det i dei kommunane som deltek.

 

Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing fram til 2020 på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper. Bak «Alt vi kan mot brann» står DSB, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk brannbefals landsforbund, Feiermesterens landsforening, Nelfo, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsynet og sakkyndige selskap.

 

Les meir om komfyrvakt på sikkerhverdag.no.

 

Kontaktpersonar lokalt:

Ragnhild Vad, avdelingsleiar førebygging, Bømlo brann og redning


Reidar Haugland, tilsynsingeniør, Finnås Kraftlag

 

Sist endra 12.02.2018 13:42
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 23
Mobil:
481 58 582
Tittel:
avdelingsleiar førebyggande
Bunnhjørne
 
Login for redigering