Komfyrvakt redder liv

Det var 153 komfyrbrannar i Hordaland i fjor. Fersk statistikk frå DSB viser at brannvesenet hadde 304 brannutrykkingar til bustader i Hordaland i 2018. Heile 50 prosent av utrykkingane skriv seg frå komfyren. Ei komfyrvakt kan redde heimen din frå å gå opp i røyk. 

Steikepanne på komfyr. Illustrasjonsbilde. (DSB) - Klikk for stort bilete

Komfyren er den største brannkjelda i heimen, og dei fleste komfyrbrannar kjem av manglande merksemd, ikkje tekniske feil ved produktet. 
 

Krav i nye bustadar

- Ingen tek skade av å vente litt på at du skrur av omnen, men mange kan ta skade dersom du gløymer det, seier leiar for brannførebygging Bjørn Hroar Sortland i Bømlo brann og redning.
 
Det er krav til komfyrvakt i alle nye bustader og om det leggjast opp ny kurs til komfyren. Dei same reglane gjeld for fritidsbustader. Komfyrvakter får du kjøpt hos fleire elektronikkbutikkar, i ei rekkje kjøkkenbutikkar og i nettbutikkar.
 
- Mange sit nok på ei historie om då det heldt på å gå skikkeleg gale på kjøkenet. Enten om då det ringde på døra, eller då babyen byrja å skrike på soverommet. Litt manglande merksemd er alt som skal til for at ein brann skal blusse opp og kome ut av kontroll, seier Sortland
 

Slik fungerer komfyrvakta

Komfyrvakta består av ein sensor og ein straumbrytar og er enkel å installere. Sensoren overvakar kokeplatene. Om sensoren oppdagar fare for brann, utløyser den ein alarm. Om ingen reagerer på denne, gjev sensoren melding til ein brytar om å kutte straumen til komfyren.
 
- Hald oppsikt under matlaging og skru av eller demp varmen dersom du blir avbroten. Det er også viktig å reingjere ventilator jamleg og passe på at det ikkje ligg brennbare ting for nær koketoppen, seier tilsynsingeniør Reidar Haugland i Finnås Kraftlag.
 

Komfyrvaktkampanjen 

Onsdag 13. februar blir det arrangert ein nasjonal komfyrvaktkampanje for å få auka merksemd om dei mange komfyrbrannane. Under kampanjen vil over 200 brannvesen, feiarvesen og det lokale eltilsynet ha lokale aktivitetar over heile landet. Som del av kampanjen vil det bli vist fram ei komfyrvakt på stand rundt på kjøpesentera i kommunen som kan vinnast av dei som besøkjer brannvesenet/DLE.
 
Komfyrvaktkampanjen er ein del av «Alt vi kan mot brann», som er ei nasjonal satsing fram til 2020 på brannførebyggjande arbeid målretta mot risikoutsette grupper. Bak «Alt vi kan mot brann» står DSB, Norsk brannvernforening, Finans Norge, Norsk brannbefals landsforbund, Feiermesterens landsforening, Nelfo, Branninformasjonsforum, det lokale eltilsynet og sakkyndige selskap.
 
Les meir om komfyrvakt på sikkerhverdag.no.
 
Kontaktpersonar lokalt:
 
Bjørn Hroar Sortland, avdelingsleiar førebygging, Bømlo brann og redning.
Reidar Haugland, tilsynsingeniør, Finnås Kraftlag. 
Sist endra 08.02.2019 15:46
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

kontaktperson
Telefon:
53 42 31 22
Mobil:
917 14 199
Tittel:
avdelingsleder førebyggande
Bunnhjørne
 
Login for redigering