Kommunale radonmålingar

Radondetektor - Klikk for stort bilete

Vinteren 2000/2001 ble det gjennomført ein fase 1-kartlegging av radon i inneluft i Bømlo kommune, i samband med den landsomfattende undersøkinga "Radon 2000/2001".

Det vart målt 7% av husstandar i Bømlo i 2000/2001, og 1% av desse hadde høgare nivå enn anbefalt radonkonsentrasjon. Det var i den tid ikkje påvist større årsmiddelverdiar for Bq/m3 enn anbefalt nivå, og ingen målingar i Bømlo viste verdiar over 400 bq/m3 (eit hus på Leite hadde årsmiddelverdi på 370).

 

Kva er radon?

I dagens målingar tek ein utgangspunkt i at nivået ikkje skal overstige 200 Bq /m3, og det skal gjerast tiltak ved verdiar over 100 Bq/m3. Måleverdiane i år 2000 var noko høgare enn dagens nivå, og ein hadde då målingar som var maks 400 Bq/m3 og tiltak ved 200 Bq/m3.

 

I høve nye bygg som vert ført opp i dag er det jmf. TEK 10 krav til radonsperre i grunnen. Ved større radonkonsentrasjonar som til dømes i morenelaga inne i fjordane, kan det og vere krav om utlufting av grunnen, over tak.

 

Rapporten konkluderar med at fase I-kartlegginga klassifiserar Bømlo kommune med lågt sannsyn for forhøga radonkonsentrasjonar i bustadar (Strålevernhefte 17). Oppfølging frå kommunen si side kan derfor avgrensast til generell informasjon og rettleiing til innbyggjarane.

 

Informasjon frå Bømlo kommune om radon 1.12.2016 (PDF, 330 kB)

Sist endra 23.12.2016
Fant du det du leitte etter?
Eining (1)
 
Login for redigering