Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Kommunedirektøren er på plass

- Eg har møtt media, ordføraren og dei andre kommunalsjefane på rådhuset, elles har eg ikkje fått utretta så mykje enno. Men det vert kjekt å kome i gang, møte dykk og sjå korleis de jobbar, helsa kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter då han presenterte seg for Utval for Næring, innovasjon, idrett og kultur i dag.

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter på talarstolen i kommunestyresalen. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Vår nye kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter (41) frå Rubbestadneset hadde sin første arbeidsdag i Bømlo kommune 1. september. Etter eit kort møte med ordførar Sammy Olsen og leiarteamet deltok han på sitt første politiske møte som øvste administrative leiar. Ordføraren ynskte han velkomen før utvalsleiar Bjørn Asle Teige formelt opna møtet.

 

- Då har me skrudd opp forventningane  til vår nye kommunedirektør, og me ser fram til eit godt samarbeid med deg, helsa Teige på vegne av politikarane.

 

Kommunedirektøren skal innom alle utvalsmøta denne veka.

 

Sjå https://bomlo.kommunetv.no/

 

Aga Gjøsæter kjem frå stillinga som personalsjef i LOS-gruppa. Han har sambuar og har tre born i alderen 8, 10 og 12 år.

 

Me ynskjer han velkomen og lukke til i jobben.

Sist endra 01.09.2020 11:08
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering