Koronavirus - informasjon

Siste nytt om koronasituasjonen

Vaksinetelefon
53 42 30 02

Ope kvardagar kl. 13.00-15.00
Vaksinering skjer onsdag og torsdag.

Vaksineregistrering

Les meir om opningstider i sommar

Koronatelefon
53 42 30 01

Ope måndag-onsdag-fredag

Tlf.tid: 08.30-11.30. Testing frå kl. 12.00

Information in other languages

 

- Kommunen tilbyr ikkje Janssen-vaksinen

Regjeringa har kunngjort at Janssen-vaksinen skal gjerast tilgjengeleg frå 15. juni for utvalde tilfelle. Vaksinen vil ikkje vere ein del av det kommunale vaksinasjonsprogrammet, og vil ikkje bli tilbode ved kommunal vaksinasjonssentral. Kommuneoverlegen i Bømlo oppmodar folk om å vente til ordinær vaksinasjon.

- For alle som ikkje allereie er vaksinert er risiko større enn nytte. Alle fagmiljø rår frå å nytte vaksinen. Mi oppmoding er difor at du ventar på innkalling til ordinær vaksinasjon, seier kommuneoverlege Kjersti Follesø.

Slik smittesituasjonen er i Noreg no, har FHI vurdert at det er større risiko for alvorleg sjukdom og død ved å få vaksinen enn ved Covid-19-sjukdom. Janssen-vaksinen nytter same teknologi som AstraZeneca-vaksinen som ikkje lenger blir nytta i Norge, og har same risiko for sjeldne, men særs alvorlege biverknader. Det gjeld i aukande grad jo yngre personen er.

Tilrår å vente på Pfizer-vaksinen

Både FHI og Helsedirektoratet tilrår at man venter på Pfizer-vaksinen, som vil vere tilgjengeleg for alle vaksne i løpet av sommaren, ettersom den er tryggare, og gir betre vern mot smitte og sjukdom, og særleg mot muterte variantar. 

Legeforeningen og FHI rår fastlegane til å ikkje nytte vaksinen. Fastlegane skal vurdere nytte og risiko når dei skriv ut resept, og det er ikkje krav til legar om å nytte vaksinen. Helsedirektoratet har sett strenge kriteria for når dei meiner det kan vere aktuelt å nytte Janssen-vaksinen. 

Helsenorge - informasjon om Janssen-vaksinen

Personar som meiner dei fell inn under desse kriteria blir oppfordra til å lese heile informasjonsteksten på Helse Norge først. For personar under 50 år og for dei som framover skal opphalde seg i land med godt fungerande helsevesen vil vaksinen vere lite aktuell. Personar mellom 50 og 60 år vil få tilbod innanfor vaksinasjonsprogrammet dei næraste vekene. 

- Det er framleis uklart kven som eventuelt vil tilby Janssen-vaksinen i vår region. Vaksine og vaksinasjon vil vere gratis, og den blir sett med berre ein dose. Dei aldersgruppene som har lågast risiko er allereie vaksinert. Me tilrår at alle følgjer faglege råd og venter på innkalling til kommunal vaksinasjon, seier kommuneoverlege Kjersti Follesø.

Til toppen