- Kommunen vil letta byrdene

Portrettfoto av økonomisjef Jarle P. Nakken. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Kommunen ser at deler av næringslivet i kommunen er inne i ei krevjande tid med stenging, redusert omsetnad og permittering av arbeidsstokken grunna Regjeringa sine innstramingstilak. Difor set me i verk einskilde tiltak i samband med innkrevjing av eigedomsskatten, opplyser økonomisjef Jarle Nakken i Bømlo kommune.

Bilde av fingrer på kalkulator. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Landet er i dag inne i ei krisetid med pandemi, kraftig redusert oljepris, redusert kroneverdi og delvis likviditetskrise. Kommunen ser at deler av næringslivet i kommunen er inne i ei krevjande tid med stenging, redusert omsetnad og permittering av arbeidsstokken.

 

Utset betalingsfrist

- Kommunen vil som eit tiltak for å mellombels lette på byrdene for næringslivet, utsetje innbetalingsfristen for eigedomsskatten med 2 månadar. Dette gjeld eigedomsskatt på næringseigedomar. Ny betalingsfrist vert 25.06.2020, seier økonomisjef Jarle Nakken i Bømlo kommune. Ny betalingsfrist vil gå fram av tilsendt rekning som vert sendt ut ein av dei nærmaste dagane.
 
Eigedomsskatten for eigarar av bustadar, våningshus og fritidseigedomar og andre eigedomar vil ha forfall 20.04.2020. 
 

Betalingsproblem grunna koronavirusutbrotet

Får du  problem med å betale rekninga ved forfall på grunn av at du har blitt permittert eller mista arbeidet grunna dei innstrammingstiltak som regjeringa har sett i verk knytt til koronavirusutbrotet, kan du søkje om følgjande: 
  • Betalingsutsetjing. Det vil bli gitt betalingsutsetjing til 20.06.2020.
  • Delbetaling av rekninga. Det vert akseptert at rekninga vert delt i 4 like månadlege avdrag.  
 
Sist endra 24.03.2020 10:09
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 82
Mobil:
468 01 504
Tittel:
økonomisjef
Bunnhjørne
 
Login for redigering