Assisterande kommuneoverlege Kjersti Follesø presenterte kunnskapsgrunnlaget "Bømlo i dag - eit samfunn i endring" for tilsette i Bømlo kommune.
Simon Knutsson Sortland
Bømlo må som alle andre kommunar bu seg på ei framtid med færre personar til å ta seg av naudsynte jobbar, samtidig som offentlege oppgåver aukar i takt med ei aldrande befolkning. Samstundes skjer det ei tydeleg sentralisering i dagens samfunn, også på Bømlo. Den kraftige auken i livsstilssjukdomar er venta å halde fram. Dette kostar samfunnet mange milliardar kroner årleg i utgifter til helsetenester, tapt arbeidsinnsats og tapte gode leveår. Klima- og miljøendringar gir også aukande helsetrugsmål.
Felles forståing av utfordringane
Men det er mykje som kan gjerast og det er mykje potensiale som kan forløysast for å unngå at dei tilsynelatande dystre framtidsutsiktene i kunnskapsgrunnlaget skal bli røyndom. Det som er sikkert er at me ikkje kan halda fram slik som i dag, både sett i eit samfunnsperspektiv og på individnivå.
- Førebygging, tilrettelegging og å få alle med blir viktig for å møta framtida, og me kan ikkje berre fortelje folk kva dei skal gjere heile tida, understreka assisterande kommuneoverlege Kjersti Follesø i sin presentasjon til dei tilsette i rådhuset tysdag.
I salen sat også ordførar Morten Helland og varaordførar Ragnfrid Sønstabø. I neste veke er det politisk møterunde og då vil våre folkevalde få kunnskapsgrunnlaget som ei meldingssak.
- God kunnskap er viktig å ha for å møta utfordringane. No må me analysere dette og finne ut kvar me vil få mest ut av tiltak me kan gjere, seier ordførar Helland.
Faktagrunnlag for planlegging
I føreordet skriv kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter at kunnskapsgrunnlaget skal bidra til ei felles forståing av utfordringane i kommunen. Det gir ei oversikt over tilgjengeleg faktakunnskap på viktige område, og skal danne grunnlag for ein open, konstruktiv og informert debatt om korleis Bømlo kan møte framtida på ein berekraftig måte.
Kommunen har etter Folkehelselova plikt til å fremje befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige tilhøve, å førebyggje sjukdom, samt å ha oversikt over helsetilstanden og aktuelle påverknadsfaktorar. Eit slikt samla kunnskapsgrunnlag er lovpålagt, og skal vere skriftleg kvart fjerde år. Det skal og liggje til grunn for arbeidet med kommuneplanen sin samfunnsdel, kommunal planstrategi og anna planarbeid. Samfunnsdelen blir i neste omgang førande for arealplanlegginga.
“Bømlo i dag - eit samfunn i endring 2023-2034” er delt opp i fem hovudtema og har i tillegg eit vedlegg om ungdom - oppvekst og levevilkår. Dei fem kapitla handlar om demografi, bustadstruktur og geografi, helsetilstand og levevanar, inkludering og deltaking og klima og miljø.
Meir informasjon, talmateriale og referansar til supplerande informasjon om desse temaa kan du lese i «Bømlo i dag – eit samfunn i endring». (PDF, 8 MB)
Bømlo i dag - eit samfunn i endring 2023-2034
Fram til no har det vore vekst i talet på folk i arbeidsaktiv alder og dermed god tilgang på kompetanse og personell, noko som har gitt ei sterk vekst både i næringsliv, offentlege tenester og økonomi. Men framover blir det ein nedgang i talet på personar under 67 år. Dette kjem samtidig med at talet på personar over 67 år aukar kraftig framover. Denne utviklinga vil råke alle kommunar i landet, men det råker òg resten av Europa og store deler av Asia. I Noreg blir det fleire eldre som vil trenge meir og tyngre helsetenester. På den positive sida er det mange friske eldre som også har restarbeidsevne. Bømlo kommune har hatt auka folketalsvekst, mykje grunna arbeidsinnvandring og flyktningar.
Dersom Bømlo framover skal vere ein attraktiv kommune å bu og arbeide i må ein kjenne til kva folk ønsker, og legge til rette. Det inneber mellom anna å ha tilbod om eigna bustadar for ulike livsfasar, og ein kvardagslogistikk som fungerer for folk. Innflyttarar må takast godt imot, slik at dei kjenner seg inkludert og blir ein del av lokalsamfunnet. LEVA Urban Design har på oppdrag frå Bømlo næringsråd utarbeidd Tilflyttarstrategien som er innbakt i kunnskapsgrunnlaget. Dette vert eit viktig arbeidsreiskap for å møta framtidige utfordringar for å skapa eit levedyktig bu- og næringsliv i kommunen vår.
Ein sunn livsstil gir eit friskare og lengre liv. Basis for eit sunt liv er å ete riktig mat i riktig mengde, vere fysisk aktiv, få nok søvn, ikkje røyke eller drikke alkohol, og å ha gode vener. Follesø peikar på at det blir i liten grad lagt til rette for å gjere det naturleg og enkelt å ta dei rette vala. Dette er noko storsamfunnet må leggje til rette for då me har fått eit klasseskilje der dei med høg utdanning og god økonomi er vinnarar.
Bømlo har høg levealder, noko som tydar på god helse blant dei eldste. Det er likevel ein klar samanheng mellom alder og sjukdom, og særleg etter 85 år aukar behovet for helse- og omsorgstenester markert. Tidlege førebyggande tiltak ved begynnande funksjonssvikt kan utsette og avgrense behovet for tenester. Når talet på dei eldste eldre aukar, vil det bli ei utfordring å sikre naudsynt helsehjelp til dei som treng det, utan fleire folk til disposisjon. Dette krev langsiktig planlegging, målretta bruk av kompetanse og omlegging av tenester, eit arbeid som allereie er starta.
Oppveksten for barn og unge blei radikalt endra då smarttelefonane blei lansert. Parallelt har vi sett ei kraftig auke i psykiske vanskar hos barn og unge. Mange faktorar spelar inn, og det er vanskeleg å peike på enkeltårsaker. Tap av sosial kompetanse gjennom pandemien ser ut til å kunne ha ei langvarig negativ verknad. Det som er openbert, er at auken i psykiske helseplagar hos barn og unge er eit samfunnsskapt problem som ikkje kan løysast på individnivå aleine.
Eit sterkt og framtidsretta næringsliv er ein føresetnad for ein berekraftig kommune, men folk må ha lyst til å bu og arbeide i regionen. I tillegg til arbeidsplassar treng me gode barnehagar og skular, helse- og omsorgstenester, attraktive bumiljø og kultur- og aktivitetstilbod.
Bømlo har ein ikkje ubetydeleg arbeidskraftreserve i form av flyktningar som blir busett, personar som jobbar deltid og yngre pensjonistar. Mange bidreg allereie i arbeidslivet, men det vil bli behov for fleire. Det krev vilje til tilrettelegging. Me har bruk for alle som har restarbeidsevne, og for dei fleste er det bra å få høve til å bidra.
Framover blir det større kamp om kompetanse og arbeidskraft og då er attraktive utdanningstilbod i regionen viktig. Førebygging av utanforskap må starte tidleg, og det blir viktig å hindra at ungdom fell utanfor arbeidslivet.
Temperaturauke og naturøydeleggingar aukar risikoen for nye pandemiar, spreiing av plante- og dyresjukdomar, meir smitte frå insekt, og ikkje minst endring av livet i havet. Bømlo har eit næringsliv som er knytt til marin verksemd og petroleumsverksemd, og det gjer oss sårbare ved endringar i vilkåra for desse næringane. Me må vere budd på dei endringane som kjem. Alternative energikjelder vil i aukande grad bli etterspurd, og tilgang til rein energi blir viktig for å oppretthalde næringsliv og vekst.
Det kan bli mangel på ulike produkt eller høge prisar knytt til produksjonssvikt og katastrofar. Konsekvensane av temperaturauken er synlege i form av tørke, brannar, flaum, skred og ekstremvær ulike stader i verda. Det påverkar oss både direkte og indirekte.