Reiser
Om du treng test i samband med reise, ta kontakt med legevakta på 116117, her vil du få vidare rettleiing og time til test om det er behov for det.
Gebyr
PCR-test eller hurtigtest for utanlandsreise vil etter 01.06.22 ha eit gebyr på 500 kroner.
Test på Bømlo i juni
I ein overgangsfase vil det i juni månad og vere mogleg å få utført test i samband med koronasertifikat på Bømlo. Gebyr er 500 kroner som ved legevakta.
For timebestilling for test for koronasertifikat på Bømlo i juni månad, ta kontakt med Helsestasjonen på Bremnes på telefon: 53 42 33 37
Koronasertifikat for ikkje elektroniske brukarar
Spørsmål om vaksine og utskrift av koronasertifikat for brukarar som ikkje har elektronisk tilgong til Helse Norge, skal framleis rettast til Helsestasjonen på Bremnes: 53 42 33 37
Gratis sjølvtest/hurtigtest
Sjølvtestar for Covid-19 vil som tidlegare vere tilgjengeleg på Bremnes Auto, Autoservice på Innvær, Moster Bil og Bømlo bil.
Ikkje møt opp for å hente test dersom du har symptom på korona.
Det er ikkje lenger naudsynt å registrera positiv hurtigtest på kommunen si nettside.
Opningstider gratis sjølvtest/hurtigtest
Måndag - fredag: 07 - 23
Laurdag: 09 - 23
Sundag: 10 - 23
Måndag - fredag: 08 - 17
Laurdag: 10 - 16
Sundag: 12 - 16