Koronavaksine i Bømlo

Gruppa eldre over 85 år er saman med prioritert helsepersonell dei som vil få dei første dosane.

Kven kan få koronavaksine

Vaksinen er gratis og vert gitt etter ei prioriteringsliste fastlagt av sentrale mynde. Sentrale mynde har laga ein fordelingsnøkkel som tildeler tal dosar basert på tal personar i risikogruppene. Sidan alder er den desidert største risikofaktoren vert fordelingsnøkkelen i starten basert på alder og eventuell tilleggsrisiko.

Vaksineregistrering

NB: Gi opp mobiltelefonnummeret for å kunne motta stadfesting på sms.

Bømlo vaksinetelefon 53 42 30 02  Opningstider kvardagar kl. 09.00-11.30.

Gjeldande prioritering og system for registrering

1. prioritering: 
Bebuarar i sjukeheim, får tilbod på institusjon.

2. prioritering:
Alder 85 år og eldre vil bli kontakta per telefon frå Bømlo kommune der ein får tilbod om time til vaksinering.

3. 4. og 5. prioritering - Digital registrering:

3. Alder 75-84 år          
4. Alder 65 til 74 år og personar mellom 18-64 år med visse definerte sjukdomstilstandar
5. Alder 45-64 år

FHI (Folkehelseinstituttet) seier at utvalgt helsepersonell kan få inntil 20% av dei første vaksinene. Dette kan endrast dersom smittepresset aukar, og dersom smittesituasjonen i helseinstitusjonane endrar seg.

Bømlo kommune brukar eit digitalt system der ein registrerer seg i forkant av vaksineringa. Her vil du registrera kontaktinformasjonen din og personnummeret ditt, samt underliggande sjukdomar. Du treng Bank ID eller Bank ID mobil for å registrere seg. Om du ikkje har Bank ID, kan familiemedlemar eller verje registrera for deg.

60-70 dosar i veke 1

Bømlo kommune mottek denne veka 10 glas (60-70 dosar) med covid19-vaksine. Dermed vil resten av bebuarane på BBH, Teiglandshagen og Bømlo omsorgstun bli vaksinert. Les artikkelen om vaksinering i institusjonar her

30 dosar i første sending

I starten får kommunane delt ut vaksiner kvar veke med atterhald om at det ikkje vert forseinkingar i leveransane frå Pfizer. Det vert relativt få dosar i starten slik at kommunane får høve å testa sine distribusjonssystem og planar med relativt få dosar.  Bømlo kommune får i første leveranse 30 dosar. Sentrale mynde forventar endringer etter kvart i korleis dei distribuerer vaksinen til kommunane.

Koronavaksinering

 

Utfyllande informasjon

Meir informasjon om koronavaksine finn du på Helsenorge si nettside

Lær meir om koronavaksinasjonsprogrammet på FHI sine nettsider

Rettleiar for koronavaksiner i kommunar og helseføretak

Brosjyrar frå FHI

• Vaksine mot koronavirus - Comirnaty (BioNTech og Pfizer) - informasjon om vaksinen for befolkninga

• Koronavaksine på 1-2-3 - Kort informasjon om koronavaksiner med pictogram på fleire språk

Quick guide to coronavirus vaccine

تعلّم عن لقاح کورونا بطریقة مبسّطة

ABC szczepionki na koronawirusa

Til toppen