Kraftorientering i formannskapet

Kraft frå sol, vind og vatn. Det var stikkorda for orienteringa eit titals tilhøyrarar møtte opp for å få med seg i formannskapsmøtet torsdag. - Det er viktig å få faktakunnskap og eit overordna blikk på energisituasjonen slik at me saman kan diskutera oss fram til moglege løysingar, seier ordførar Morten Helland.

mann på talarstol med storskjermpresentasjon - Klikk for stort bileteJan Torstensen i Vår Sol - LOS Cable Solutions presenterer for formannskapet. Simon Knutsson Sortland

Først ut var Kjetil Andersen frå Norsk vind. Han peika på det grøne skiftet som vil tvinga fram omstillingar i næringslivet. Vidare det nasjonale målet om å redusera klimagassutsleppa med 55 prosent innan 2030. Noreg går mot eit kraftunderskot i 2028 og me treng mykje fornybar energi for å sikra eit kraftoverskot og berekraftige straumprisar. - I Norge bør den vere på ca 50 øre per kilowattime. Vindkraft utgjer i dag 10 prosent av den totale norske energiproduksjonen. Ein vindturbin kan forsyna 1200 husstandar med straum, påpeika han.

Lær meir om Norsk vind

Andersen orienterte vidare om fordelane med vindkraft for både kommunen og næringslivet, samt korleis prosessen vil vera. Konsesjon frå NVE blir ikkje gitt før det ligg føre ein godkjend kommunal plan, slik at politikarane er i førarsetet heile vegen.  - Me forventar motstand, men ikkje steng døra med eit prinsippvedtak før alle fakta er på bordet, oppmoda Andersen.

Solpark på Halleraker

Jan Torstensen frå Vår sol – LOS Cable Solutions som er ein del av LOS Gruppen har eit prosjekt under utvikling på Halleraker. - Solpark på Halleraker er kortreist straum som er ynskt velkomen av både grunneigarar og Bømlo kraftnett, seier Torstensen. Slike prosjekt må vere lokalt forankra og skapa gi lokal verdiskapning. No ser me på lokasjonar på Halleraker og Melingsheio som kan gi straum til 500 husstandar i 30-40 år. 

Lær meir om Vår sol – LOS Cable Solutions 

Torstensen påpeika at eit slikt anlegg krev mykje meir areal enn vindkraft. Vår Sol har prosjektansvar for plan- og byggjeprosess, og dei utviklar, byggjer og drifter anlegga.  – Denne lokasjonen er innmarksbeite for sau, og kan framleis vere det når anlegget er bygd. Områda kan tilbakeførast til naturleg tilstand ved avvikling.

Kraftkrise

sal med mykje folk ser presentasjon på storskjerm - Klikk for stort bileteKommunestyresalen vart nytta til orienteringar i formannskapet frå ulike energiaktørar. Simon Knutsson Sortland

- På Bømlo styrer me mot eit kraftunderskot allereie i 2026, noko som kjem fram i rapporten om vår lokale kraftsituasjon. Situasjonen er den same for heile landet. Klimamål, nasjonal styring og rammeverk frå NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) blir styrande for framtida, påpeika Tor Bjarne Smedsrud i Finnås kraftlag. Dei er positive til lokal uregulert kraftroduksjon på Bømlo då det gir redusert tap og redusert overføring frå Fagne. 

Lær meir om Finnås kraftlag

Smedsrud påpeika at me likevel er avhengige å få betre nett til område med produksjon, og at køen for å få bygd nye nett i heile landet vert stadig lengre. Alternative løysingar tek tid og løyser ikkje alle problem. Me må ha store kraftverk som jobbar saman for å halda ein stabil frekvens og har nok kortslutningskapasitet.

- Eg er ikkje så mismodig for framtida når eg ser på vårt eige kraftlag og vårt lokale næringsliv, oppsummerte ordførar Morten Helland.

Les heile rapporten om Kraftsituasjonen i Sunnhordland 

Til toppen