Kransalag for BVO-tilbygg

- Endeleg får me samla alt i eit bygg midt i kommunesenteret. Det betyr veldig mykje for både kursdeltakarane og personalet ved Bømlo vaksenopplæring.

Avdelingsleiar Maren Laurhammer Gilje og lærarane Randi Laurhammer og Marlen Hellen var strålande nøgde då dei feira kransalag for tilbygget over Jernia-butikken i Svortland sentrum fredag ettermiddag. Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Bjørn Håvard Bjørklund og prosjektsjef i Bømlo kommune, John Nordseth Nesse, var også nøgde med framdrifta i bygget dei skal leige hjå . Bygget på ca. 300 rutemeter skal vere klart til 1.1.2022. Bømlo kommune leiger hos Østensen AS.

Tilpassa undervisning

Bømlo vaksenopplæring har i dag både undervisningsrom og arbeidsstasjonar for lærarar plasserte i to ulike bygg i sentrum. Dette har vore upraktisk i kvardagen, og dei gamle lokala er lite tilpassa dagens undervisning.

- Samlokalisering vil ikkje berre gjere alt meir praktisk, men det vert enklare å skapa eit felles miljø. No får me arbeidsstasjonar for dei tilsette, grupperom og personalrom tilpassa moderne undervisning, seier avdelingsleiar Maren Laurhammer Gilje ved Bømlo vaksenopplæring.

- Ikkje minst er me nøgde med at luftkvaliteten vil bli betre her. Totalt sett er dette ei stor oppgradering for tilsette og kursdeltakarar, poengterer lærar Randi Laurhammer.

- Ja, dette har me venta lenge på. me gledar oss til alt står klart, seier kollega Marlen Hellen.

- Bygget er i rute, og me vonar leigetakaren vår vert nøgd, seier Kristian Husø Østensen hos Østensen AS.

Bygningsarbeidarane, utleigarane og leigetakarane tok seg ein pause for å markera kransalaget. Baguetter, kaker og kaffi stod på menyen.

Til toppen