Kransalag for nybygg til rus og psykisk helse

- Kransalag for å feire tett tak, ikkje minst på eit nybygg, er ein god tradisjon. Det viktigaste er likevel å møtast for å feira og takka bygningsfolka for jobben dei gjer, takka prosjektsjef John Nordseth Nesse i Bømlo kommune.

Onsdag 24. august var det kransaskål for nybygget til rus- og psykisk helseteneste like ved Bømlo helsehus. Eit 40 tals inviterte gjester frå bygningsfolka, ordførar og administrasjonen i Bømlo kommune deltok. Prosjektsjef John Nordseth Nesse i Bømlo kommune gav stor honnør til dei 35 arbeidarane frå hovudentreprenør Engevik og Tislevoll og frå underentreprenørane. Han var glad for å kunne jobba med lokale, ærlege og pålitelege folk.

- Stor milepåle for kommunen

Bygget er på totalt 790 m2, med totalt budsjett avsatt av kommunestyret på 38 900 000 kroner inkl. mva. Avtroppande prosjektsjef Nesse takka for samarbeidet og var glad for å kunne vere med å markere denne store milepålen for kommunen før han overlet ansvaret til den nye prosjektleiaren Erlend Flornes Skaret. Deretter var det mat og kake frå Viergo før kommunalsjef for helse og omsorg Kjell Magnar Mellesdal fekk ordet.

- Rus- og psykisk helse er eit viktig tenesteområde i kommunen. Me har i lengre tid slitt med store plassproblem. Med dette nybygget vil me kunne gi betre tenester til brukarane og betre arbeidstilhøve for dei tilsette, seier Mellesdal.

Han peika også på at rus i dag er organisert under NAV, og med nybygget vil samordninga mellom desse tenestene bli betre no. Både fellesareal for møter mellom brukarar og tilsette, men og kontor for ein-til-ein møter. I tillegg gode møtelokaler som også andre helsetenester i området kan nytta seg av, og undervisningsrom for å byggja dei tilsette sin kompetanse. Aktivitetssenteret Nyving er inntil vidare på Sams senter, eit tilbod som stadig fleire nyttar seg av.

- Eg vil og få takka politikarane og ordføraren for støtta, og ikkje minst dei tilsette i kommunen som har vore med og fått realisert dette prosjektet, avrunda Mellesdal.

Fakta om nybygg for rus og psykisk helse

Generelt:
Tre eksisterande bygningar på gnr. 109 bnr. 237 og 270 rivast. Oppføring av  samansatt nybygg i 1 og 2 etasjar. Nybygget har tre bygningsvolum (1. etasje) med pulttak organisert som et tun rundt eit bygningsvolum med saltak (2 etasjer). Senteret inneheld 2 avdelingar; avdeling for rusomsorg og psykiske helsetenester. Bygget består av administrasjon, personalrom, behandlerkontor, undervisningsrom, sosiale soner, medisin- og behandlingsrom, mottakssone, garderobar, tekniske rom og andre birom.

Totalentreprenør: Engevik & Tislevoll AS

Rådgjevarar arkitekt og landskapsarkitekt: Holon Bergen as

Rådgjevarar bygg, bygningsfysikk og brann: Omega Areal AS

Rådgjevarar elektro og VVS: Asplan Viak

Underleverandørar:

  • LOS Elektro AS, elektro og SD
  • VVS Bømlo AS, røyrleggjar
  • Malerfirma O. Kjelsnes AS, målar og golvleggjar
  • GK Inneklima AS, ventilasjon
  • Certego
  • Nygård Tak AS
Til toppen