Influensavaksinering hausten/vinteren 2021/22

Bømlo kommune tilbyr frå veke 43-47 (25.10-26.11.21) influensavaksine til personar i risikogrupper og andre definerte grupper. Vaksine mot lungebetennelse (pneumovax) er tilrådd for same gruppe som dei som er tilrådd influensavaksine. Denne kan takast samstundes. 

Personar i risikogruppene bør ta vaksine mot influensa kvart år. Dette er nødvendig fordi influensavirus endrar seg heile tida og vaksinen tilpassast desse endringane kvart år. Effekten av vaksinen avtek over tid. Det tar 10-14 dagar frå vaksinen blir satt til du kan forvente effekt. For å få best mogleg beskyttelse bør ein vaksinere frå oktober til desember, men ein har nytte av vaksinering så lenge det er influensa i omløp. Det vil vera mogleg å ta vaksine mot lungebetennelse (pneumovax) samstundes. Denne kostar 450 kroner. Vaksine mot lungebetennelse er tilrådd ta kvart 10 år for same gruppe som dei som er tilrådd influensavaksine. 

Hugs: Det skal gå minimum 1 veke mellom influensavaksine/pneumovax og Covid-19 vaksine. Covid-19 vaksineringa i kommunen vil stanse midlertidig i veke 43-46, medan influensavaksinering pågår. Frå veke 47 vil me starte 3. runde med Covid-19 vaksinering for alle over 65 år.

Influensavaksinering 2021/22

Til toppen