Leirdalsvegen periodevis stengt

Vegarbeid i Leirdalsvegen i samband med bygging av ny brannstasjon vil føre til stenging i korte tidsintervall. Dette arbeidet vil hovudsakleg gå føre seg denne månaden, med oppstart måndag 19. Trafikantar som nyttar seg av Leirdalen for å komme seg til og frå bør belage seg på noko kødanning og ventetid i denne perioden.

I samband med bygging av ny brannstasjon i Bremnes sentrum, vil det i Leirdalen verte utført vegarbeid i tida som kjem. Dette vil føre til tidvis redusert framkomst gjennom Leirdalen. Vegen lyt også stengjast i kortare tidsintervall, og trafikken gjennom Leirdalen vil då om naudsynt verte dirigert i begge retningar. 

- Me oppmodar om å søkje omkjøringsalternativ i den grad det let seg gjere. Me ber publikum følgje med på Bømlo kommune sine nettsider for detaljert informasjon om vegarbeidet og framkomsten i tida som kjem. Informasjonen vil oppdaterast i tråd med entreprenøren sin framdriftsplan, opplyser prosjektleiar Erlend Flornes Skaret i Bømlo kommune.

 

veg forbi byggeområde - Klikk for stort bileteGravearbeid vil bli utført i Leirdalsvegen i september. Simon Knutsson Sortland oversiktsbilde veg med markering på - Klikk for stort bileteOmråde merka med raudt syner kvar vegarbeidet vil bli utført i september. Geir Einarsen  dronefoto med innteikna merker for gravearbeid - Klikk for stort biletePlan for gravearbeid i Leirdalsvegen. Stord anlegg   
Til toppen