Startar gravearbeid i Leirdalsvegen 19. september

Måndag 19. september startar Stord Anlegg AS med grave- og grøftearbeid i Leirdalsvegen.  Dei har utarbeidd ein faseplan over fem etappar for gjennomføring av arbeidet (sjå illustrasjonsfoto under).

Leirdalsvegen vil verte innsnevra, men det vil vera passasje på 3 meter forbi gravearbeid. Så langt det er formålstenleg lèt ein trafikken styre seg sjølv. Dirigering vil vil berre gå føre seg dersom det vert naudynt. Ein del venting for klar køyrebane må påreknast i samband med motgåande trafikk og lasting og lossing av bil m.m. Dagar som er sett i faseplan er orienterande og kan avvike då ein aldri veit med sikkerheit kva som skjuler seg i grunnen når ein byrjar å grave.

- Me vil prøva å legga til rette for at bu og helsesenteret og heimetenesta skal venta minst mogleg. Det vil likevel kunne oppstå noko venting, opplyser prosjektleiar Sigmund V. Notland i Stord Anlegg AS.

dronefoto med innteikna merker for gravearbeid - Klikk for stort biletePlan for gravearbeid i Leirdalsvegen. Stord anlegg  

Til toppen