Koronavirus - info 53 42 30 01. Kommunal infoside

Kva gjer du ved nye luftvegssymptom?

Me går ein ny haust i møte. Det vert full aktivitet i barnehagar, skular og på ulike arbeidsplasser. Fritida vert nok påverka av ulike restriksjonar grunna Covid-19 pandemien.
 

Kvinne hoster inn i armhulen. Illustrasjonsfoto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Me må rekna med auke i luftvegsinfeksjonar av ulike virus. Slik er det kvar haust og vinter. Dette året må me verna andre og vera meir heime enn me er vane til i slike tilfelle. Faren for innblanding av Covid19 er årsaka til dette. Dei færraste vil få dette viruset, men me vil avgrensa utbreiinga i lokalsamfunnet så langt me greier, seier smittevernlege Kjersti Follesø.

 

Hald deg heime

Du skal halda deg heime ved nye luftvegssymptom som t.d. sår hals, hoste og/eller forkjøling. Om dei varer ved eller aukar på dei neste 2 døger, kan du ta kontakt med Koronasenteret for å avtale tid for testing.  

 

Små barn med milde luftvegssymptom kan følgja utviklinga av symptom heime i 2 døgn før ev. testing. Dei kan i visse høve sleppa plaga med testing.

 
Barn med rennande nase som einaste symptom, treng ikkje testast og kan leve som normalt. Barn under 10 år kan leve som normalt når Covid-19 test er negativ og allmenntilstanden er god. Dei treng såleis ikkje vere symptomfrie før dei returnerer til skule eller barnehage når testen har  vore negativ. Barn over 10 år og vaksne som testar negativt, skal halda fram med å vera heime til dei er friske att.
 
 
Ta Koronasjekken:
 
 
Sist endra 31.08.2020 10:04
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering