Kysthytteprosjektet nærare realisering

Onsdag 27. januar 2021 signerte Bømlo kommune og Bergen og Hordaland Turlag (BHT) intensjonsavtalen om å overta tomt og sette i gang arbeidet med ny reguleringsplan på Kråkeneset.

- Me kjem no til å gå i gong med reguleringsarbeid på eigedomen i lag med Bergen og Hordaland Turlag og Finnås Båtlag. Området blir vonleg ferdig planlagt og klart til utbygging om eitt års tid. Det blir spennande å følgje planarbeidet og sjå korleis kommunen og partane ynskjer å utvikla dette området i lag. Det er firmaet ABO Plan og Arkitektur som skal laga reguleringsplanen for oss, opplyser prosjektsjef John Nordseth Nesse i Bømlo kommune.

- Eit svært spennande prosjekt me ser fram til å jobbe saman med kommunen for å få realisert, uttalar styreleiar Elisabeth Skage i Bergen og Hordaland Turlag. Ho legg til at turlaget er ein allmenn tilretteleggjar og at eit kysthytteanlegg vil vere ope for alle.

- Ei kysthytte på Bømlo vil vere til stor glede for både lokalbefolkninga og gjester, understrekar kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter. Prosjektet vil heilt klart vere eigna til å styrka Bømlo og Sunnhordland som reiselivsdestinasjon.

- På skipingsmøtet vårt for 10 år sidan sa dåverande generalsekretær Kristin Krohn Devold i Den norske turistforening at Bømlo må jobba for å få på plass ei kysthytte. Me vonar å kome dit, seier ein nøgd leiar Nils Magne Helle i Bømlo Turlag. 

Det er framleis mykje som skal på plass før prosjektet kan realiserast, og BHT håpar på gode samarbeidspartnarar som kan bidra økonomisk.

Til toppen