- La gamle bygg stå i fred

- Me ser at ungdomen kan finne det spennande å ryna seg ut på gamle bygg dei kanskje trur skal rivast uansett. Det er likevel ikkje greitt å drive hærverk på desse, og det kan tilmed innebere fare då du kan skada deg.

Politikontakt Nils Blikra og SLT-koordinator Stian Sithole Olderkjær går no på bakgrunn av ein del uønska hendingar den seinare tid ut og bed foreldra følgje med. Ungdom har teke seg inn i og gjort hærverk på gamle Bremnes ungdomsskule, gamle industribygg og uthus. Det går i ruteknusing, klatring på tak og å ta seg inn i ventilasjonssystem.

- Ungdomen må vite at all skade på offentleg og privat eigedom kan føra til påtale om det blir meldt. Det kan føre til keisame økonomiske rekningar for foreldra. Det gjeld uansett om bygga står tome eller skal rivast. I verste fall kan ungdomen skada seg. Hadde dei til dømes satt seg fast i ventilasjonssystemet og det vart ein leiteaksjon ville det vore veldig vanskeleg å finna dei, understrekar Blikra.

Manglande fritidstilbod

- Ungdomen har vore veldig flinke under pandemien, og me skjønar at det røynar på med alle restriksjonane og manglande fritidstilbod, seier Olderkjær. Han meiner likevel foreldra må setje seg ned og snakka med ungdomane sine, og å følgja med.

Blikra fortel at dei har sett ein liten oppsving når det gjeld skadeverk i ungdomsmiljø både på Bømlo, Stord og Fitjar. Både politiet og SLT-koordinator meiner pandemien kan vere ein medverkande årsak.

- Bømlo ungdomsråd meiner ungdomane kjedar seg og går ut for å treffa folk. Me håpar dei då finn på sunne aktivitetar, og ikkje hærverk. Olderkjær syner til Ungdata-rapporten som seier foreldra er dei viktigaste rollemodellane for ungdom opp til dei er 19 år.

Foreldra må følgje med

- Foreldra må vere litt ekstra påskrudde no og følgja med i ungdomane sitt liv når dei vanlege arenane deira ikkje er der. Det er dei vaksne som må setje reglar og retningsliner, samt å vera til stades for ungdomen, oppmodar han og politikontakt Blikra.

Til toppen