Koronavirus - info 815 55 015. Kommunal infoside

Landmark maskin er miljøfyrtårnsertifisert

Ordførar Sammy Olsen overrekte i dag det synlege provet på at Landmark Maskin AS er miljøfyrtårnsertifisert. 

Fire menn ståande med overrekking av miljøfyrtårnskilt. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Dagleg leiar Trygve Landmark og områdeansvarleg Rune Hereid tok imot skiltet på steinknuseriet ved Erslandsvegen tysdag 16. juni 2020. Landbrukssjef Njål Gunnar Slettebø som administrerer ordninga i Bømlo kommune la alt til rette. Det er stiftinga Milføfyrtårn som har ansvar for ordninga. 

 

Større miljøfokus

- Det er strenge krav å oppfylla for å bli godkjend som miljøfyrtårn. Landmark maskin AS har mellom anna dokumentert at terrenginngrep ikkje er i konflikt med naturverdiar eller kulturminne. Verksemda syner at dei tek miljøet på alvor, til glede for dei tilsette og alle som får utført arbeid av Landmark maskin. Bømlo kommune er glad for at me har entreprenørar som syner veg og rtek miljøarbeidet på alvor, sa ordførar Sammy Olsen i si gratulasjonshelsing.

 

- Det er ein del arbeid med å bli miljøfyrtårnsertifisert, men det er verdt det, meiner ein glad dagleg leiar Trygve Landmark.

 

Eit lite døme på at Landmark Maskin AS set pris på naturen er at dei fredar grushaugane der svalene har bygd reir. 

Sist endra 16.06.2020 11:16
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 31 32
E-post:
Tittel:
Sakshandsamar plan
Bunnhjørne
 
Login for redigering