Lanserer instruksjonsvideo av heimetesting dubba på arabisk og tigrinja

I dag kan me presentera ein instruksjonsvideo for hurtigtesting heime dubba til arabisk og tigrinja. Bømlo kommune har no lagt til rette for at barn og unge under 18 år som er nærkontakt til ein som er smitta, kan gjennomføre testing i staden for å gå i smittekarantene.

- Bømlo var tidleg ute i høve mange andre kommunar for å leggje til rette for dette testregimet, og me er no veldig glade for at me har fått med oss Othman Edrees, morsmålsassistent ved Bømlo Vaksenopplæring, til å dubbe denne filmen til to språk. I tilegg er filmen teksta på engelsk. Slik håpar me å nå enno fleire barn, unge og deira familie med bodskapen om korleis testane skal gjennomførast heime, seier verksemdsleiar Linda Hellen i Barne- og familietenesta.

portrett av mann - Klikk for stort bileteOthman Edrees, morsmålsassistent ved BVO, har dubba instruksjonsvideoen til arabisk og tigrinja. Bømlo kommune  Dubba versjon TIGRINJA

Dubba versjon  ARABISK 

Les om Testing i staden for karantene for barn og unge

Til toppen