Legekontor ut på anbod

I staden for å vedta ein tiårig leigeavtale med utviding av nye kontorer ved Kystlegane vedtok Bømlo formannskap samrøystes, etter framlegg frå Ap, å lysa jobben ut på anbod. Formannskapet fekk også ei grundig gjennomgang av status og vidare framdrift ved den nye brannstasjonen etter hovudentreprenøren sin konkurs like før årsskiftet.

Prosjektleiar Erlend Flornes Skaret og rådgjevar innkjøp Ilja Serov orienterte om konkursen hjå hovudentreprenøren Haaland & Thuestad AS for det nye brannstasjonsbygget. Konkursen kom heilt uventa og rydding og sikring av byggjeområdet måtte kommunetilsette ta seg av. Deretter kom mange juridiske utfordringar og ein måtte prioritere sikringsarbeidet. No har Steinsbø Hus AS fått kontrakt for sikringsarbeidet. 

- Me har hatt fokus på å finne ei løysing for overføring av totalentreprisen til ein ny aktør, og ikkje ei ny utlysing som venteleg vil både fordyre og forseinke arbeidet. Utan å gå i detalj må me rekna med ei noko høgare kostnadsramme for prosjektet, men me er optimistiske i høve til framdrifta, sa kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter mellom anna då han svara ut spørsmåla frå formannskapsmedlemene. 

Hastar med legekontor

Det hastar å få på plass 8-10 nye legekontor i Bremnes sentrum skal kommunen bli ein attraktiv arbeidsgjevar. Det er i dag ikkje nok tenlege lokaler og bruk av vikarbyrå er kostesamt og ikkje berekraftig i lengda. Både legar og sjukepleiarar og anna hjelpepersonell treng gode lokaler for å få effektiv drift og logistikk. - Nye legar vil ikkje ha så lange pasientlister og same arbeidsbelastning som er vanleg i dag. Har me ikkje gode arbeidsvilkår og lokaler å tilby, får me heller ikkje rekruttert fastlegar til kommunen, understreka kommuneoverlege Kjersti Follesø.

Formannskapet meinte deira bestilling på ei kortsiktig løysing ikkje er innfridd med ein tiårig leigeavtale, sjølv om dei har forståing for at utleigarar må få dekka inn sine investeringar. Dei meinte ein ny anbodsrunde med kort frist og ei litt anna innretning på avtalen vil bidra til dette, og at fleire aktørar i sentrum kan kome på banen. Noko dei ser på som ein styrke. 

Skal busetje 41 flyktningar i vår

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter orienterte også om flyktningesituasjonen. Bømlo kommune planlegg å busetje 41 flyktningar (alle frå Ukraina) i perioden veke 6-16. Av desse er det 10 born fordelt på barnehage-, barneskule- og ungdomsskulealder. Mange av dei vaksne er einslege. Me har også sagt ja til nokre sjølvbusette. Bemanningssituasjonen med tanke på mottak/busetjing og migrasjonshelse er krevjande, og det vert jobba med tiltak for å styrke denne. Det er iverksett fleire tiltak for å sikre ei heilskapleg oppfølging, påpeika kommunedirektøren.

Under tema økonomi og investeringar vart det opplyst at det per no er venta eit negativt netto driftsresultat på om lag 20 millionar kroner for 2022.  Konkurransen for oppgradering av kjøkkenet på Bømlo bu og helsesenter er snart klar til å bli lyst ut. I tillegg blir det jobba med mandat for prosjekt knytt til endringane av Aktivitetstunet (lokale for barne og familietenesta) og Våge skule. Aga Gjøsæter varsla ei politisk sak om berekrafta og framtida til næringsfondet som er basert på bruk av midlar kommunen får frå havbruksfondet.

Sjukefråveret er høgt, men det vert jobba godt med fråver i tenestene og prognosane tyder på ein nedgang. Kommunen merkar at arbeidsmarknaden er pressa og at våre tilsette er attraktive for andre stillingar utanfor organisasjonen. I tillegg til at ein del tilsette går av med pensjon. Det blir no blant anna søkt etter ny rektor og avdelingsleiar på Hillestveit skule, verksemdsleiar for Psykisk helse og rus og avdelingsleiar arealbruk. I tillegg kan det nemnast at verksemdsleiar for Bømlo omsorgstun har meldt at ho vil gå over i anna stilling i Bømlo kommune frå mars månad.

Saksliste og protokoll frå formannskapsmøtet 2. februar 2023

Til toppen