Legevakt i nytt praktbygg

Helse Fonna-sjef Olav Klausen rosa Sunnhordland interkommunale legevakt som den flottaste legevakta i Norge, og som han reknar med andre vil kome på synfaringar til. Ein byrg styreleiar Kjell Magnar Mellesdal leia den offisielle opninga der Stord-ordførar Harry Herstad klypte den raude snora med hjelp av ordførarkollegaene i Fitjar og Bømlo onsdag 15. mars.

Dagleg leiar Janett Svendsen og styreleiar Kjell Magnar Mellesdal foran Sunnhordland interkommunale legevakt.Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

- Å få på plass ei interkommunal legevakt har vore ein lengre veg å gå for Bømlo kommune som hadde si eiga legevakt frå før, men det er ikkje tvil om at dette er ei stor nivåheving, understreka ordførar Odd Harald Hovland.  

 

- Me har hatt full drift kvar dag sidan me tok bygget i bruk 1. februar, og no gler me oss til neste veke då me tar heile bygget i bruk, fortel dagleg leiar Janett Svendsen i Sunnhordland interkommunale legevakt.

 

I første etasje held legevakta til medan det i andre høgda er fem observasjonssenger og fire KAD-senger (kommunale akutt døgneining). Denne har dei tilsette omdøypt til IDA (interkommunal døgnavdeling). Bygget på 1200 kvadratmeter har ein prislapp på 50,5 millionar kroner. Engelsen Bygg As er totalentreprenør og har nytta berre lokale verksemder. Link Arkitektur har utforma bygget der det er lagt inn ein urtehage på taket.

 

Samhandlingsreforma

Kommunestyra i Fitjar, Bømlo og Stord gjorde sine respektive vedtak i 2015 om å etablera Sunnhordland interkommunale legevakt på bakgrunn av Samhandlingsreforma og lovpålegget om KAD-senger. To år seinare stod bygget klart for dei vel 33.000 innbyggjarane i Stord, Fitja og Bømlo. Legevakta mottar kring 17.000 telefonar årleg.

 

Ordførartrioen Harry Herstad (Stord), Wenche Tislevoll (Fitjar) og Odd Harald Hovland (Bømlo) trekte alle fram det gode samarbeidet og den store nivåhevinga den nye legevakta representerer. Dei tilsette held omvising for mange prominente gjester og let vel over sin nye arbeidsplass der alt er lagt til rette for saumlaus samhandling. Ikkje minst sidan sjukehuset ligg vegg i vegg. Sjølve lokala og bygget er dei også stornøgd med.

 

 

 

 
 
Rom på interkommunal døgnavdeling. Avd. sjukepleiar Mona Y.E. Lothe og rådmann Geir E. Aga. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Vaktrom legevakta Stord. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Pynta fløytekake til offisiell opning Sunnhordland interkommunale legevakt. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Ordførar Wenche Tislevoll (Fitjar), Odd Harald Hovland (Bømlo) og Harry Herstad (Stord). Styreleiar Kjell Magnar Mellesdal i Sunnhordland interkommunale legevakt. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 17.03.2017
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering