Totalforbod mot tenning av bål og open eld innført frå 3. juli 2018 og inntil vidare - brannsjefen.

Leiar Bømlo symjehall

Elin Steinsbø er tilsett som leiar av Bømlo symjehall. Planen er å opna symjeanlegget opp for publikum tidleg i september.

Person står utanfor inngang Bømlo symjehall. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

 

 

- Med Bømlo symjehall har kommunen fått eit flott og moderne symjeanlegg og mange er spente på kva tid hallen opnar. Me er veldig glade for at Elin Steinsbø no har takka ja til stillinga som leiar av Bømlo symjehall, seier kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund.

 

Bjørklund peikar på at Elin Steinsbø har den rette kompetansen og personlege eigenskapane som skal til for å leie utviklinga av symjetilbodet i kommunen vår. Elin vil gradvis flytte fokuset frå sin noverande jobb som rehabiliteringskoordinator og over til stillinga som leiar av symjehallen.

 

- Eg trur dette blir veldig spennande og ein flott arbeidsplass. Det er store forventningar blant publikum, og eg tru me kan få til mykje bra, seier ei forventningsfull Elin Steinsbø.

 

Oppstart tidleg september

Bjørklund opplyser at det no vert jobba med tilsetjing av badevertar og førebuing av anlegget med tanke på vasskvalitet, utstyr, driftsrutinar og tryggleik. Dersom alt går etter planen vert anlegget teken i bruk frå måndag 3. september.

 

I tråd med vedtak i kommunestyret legg me opp til at Bømlo symjehall skal vere open det meste av året. På dagtid vil skulane ha si symjeopplæring og tidleg ettermiddag vert det avsett tid til trening. Publikumsbading vert truleg i tidsrommet 17:00-20:00 på kvardagar og 12:00-18:00 laurdagar og søndagar.

 

- Oversikt over prisar, endelege opningstider og anna praktisk informasjon kjem om ikkje så lenge. Me gler oss til å sjå deg i Bømlo symjehall, seier Bjørklund.

 

 
 
 
Bømlo symjehall med stupetårn og to basseng. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Stupetårn 5 og 3 meter i Bømlo symjehall. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete To basseng i Bømlo symjehall. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Utsida av Bømlo symjehall. To personar syklar forbi. Foto. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete
Sist endra 03.07.2018 10:10
Fant du det du leitte etter?

Kontakt

Telefon:
53 42 30 68
Mobil:
911 65 377
Tittel:
rådgjevar kultur og idrett
Bunnhjørne
 
Login for redigering