Lokalhistorien eit tastetrykk unna

Først vart gamle Finnås kommune landets første heildigitaliserte kommune i 2020. No held IKA Hordaland (interkommunalt arkiv) på med å gjere tilgjengeleg kommunane Bremnes, Moster og Bømlo i Digitalarkivet.

- IKA Hordaland har publisert heile 2 535 protokollar fordelt på alle våre kommunar. Det utgjer svimlande 311 866 enkeltfoto. Rekna om er det omlag 623 732 sider. Samanlikna med dei andre kommunale arkivinstitusjonane i Noreg, er IKA Hordaland den institusjonen som har skanna og tilgjengeleggjort mest materiale på Digitalarkivet. Vårt ynskje er at kommunane og innbyggjarane skal ha enkel tilgang til arkiva - uansett kvar eller når, seier rådgjevar Hans Sindre Rein.

Bruk arkiva 

- På IKA Hordaland oppbevarer vi arkiv etter eigarkommunane våre. Bestanden består i hovudsak av kommunalt arkivmateriale frå perioden 1837-2019. Arkivkatalogene våre gir ei god oversikt over kva for arkiv som er oppbevart hjå oss og kva dei inneheld. Alle er velkomne til å utforske arkiva på vår lesesal. Mykje av det eldre arkivmaterialet er òg digitalisert og tilgjengeleg for publikum på Digitalarkivet. 
 Ver merksam på at det berre er arkiv som er eldre enn 100 år som er publisert fritt. Arkiv som er yngre enn 100 år krev individuell brukartilgang, opplyser fagleiar Knut Kjosås i Ika Hordaland.

IKA Hordaland 

Finnås kommune - Noregs første heildigitalisert kommune

Nær 240 hyllemeter

Arkivleiar Jenny Aanderaa fekk vitjing av Interkommunalt arkiv Hordaland (IKA) i oktober i fjor. Dei tok med seg de kommunale saksarkivet for perioden 1987-1997. Rådgjevar Hans Sindre Rein frå IKA hadde med seg fire medhjelparar for å lossa totalt 238,6 hyllemeter med esker, bøker og permar til Bergen. Dei nytta no varebilar som måtte ta fleire turar til Kalfaret i Bergen. IKA deler hus med Byarkivet i Bergen, og det er eit enormt anlegg dei har inne i fjellet. Her er også alt av arkivmateriale etter historiske Finnås kommune skanna og tilgjengeleggjort til Digitalarkivet. Samlinga er slik å rekne som Noregs fyrste heildigitale kommune.

Til toppen