Mange vil hjelpe asylmottaket

Det er stor gjevarglede blant lokalbefolkninga for å hjelpe dei som kjem på asylmottaket i Rubbestadneset. Mange vender seg til kommunen for informasjon og vite kvar og når dei kan levere utstyr. Vil du hjelpe må du vende deg direkte til Bømlo ordinære asylmottak i arbeidstida.

- Kundetorget på rådhuset har rettleia innringjarane så godt me kan, men dette er ikkje ei kommunal oppgåve. Me ber difor om at folk vender seg direkte til mottaket i deira opningstider, fortel Jorunn Steinsvåg som er ansvarleg for Fellessekretariatet/Kundetorget i Bømlo kommune.

Kontaktinformasjon 
Bømlo ordinære asylmottak

Telefon dagtid kl. 09.00.15.00

Tlf.nr. 371 79 444
Mottaksleiar Thor-Egil Eik

Send e-post

Til toppen