Totalforbod mot tenning av bål og open eld innført frå 23.05.18 og inntil vidare - brannsjefen.

Markerte 8. mai

Gutar legg ned krans på Blia-monumentet. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete Tradisjonen tru vart veteranar og falne heidra og minnast ved kommunen sine krigsminnesmerker ved Moster kyrkje, Blia-monumentet, Bremnes kyrkje, Lykling kyrkje,  Bømlo kyrkje og på Espevær. Ordføraren deltok i lag med elevane frå Hillestveit skule i år. 

Minnemarkering ved Blia-monumentet 2018. (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

Elevar frå Svortland skule stod for markeringa ved Blia-monumentet og minnestøtta ved Bremnes kyrkje i år. Minnetalen om dei som forliste og innsatsen under andre verdskrig var det Tilde Heldal Brendesæter og Lina Eidet frå 7B som heldt. Gilje skule var forhindra frå å delta i år. Desse skulane byter med Bremnes ungdomsskule og Meling skule om oppdraget.

 

Det var kransenedlegging og avspeling av nasjonalsongen føre medelevar, elevar frå Meling skule og Bømlo vaksenopplæring og andre deltakarar i strålande solskin. Musikarar frå Svortland skulekorps sørga for musikken.

 

Ved Moster nye kyrkje deltok 9.-klassingar og musikarar frå Moster skulekorps. Ordførar Odd Harald Hovland deltok saman med elevar frå hilølestveit skule ved minnemarkeringa ved Bømlo nye kyrkje. Espevær skule hadde si tradisjonelle markering ved minnestøtta, og Våge skule var ved Lykling kyrkje.

Publisert av Simon Knutsson Sortland. Sist endra 08.05.2018
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering