Markerte frigjerings- og veterandagen

Elevar frå 5. trinn ved Svortland skule og 7. trinn ved Gilje skule stod for program og kransenedlegging ved Blia-monumentet og minnesmerket over dei falne under 2. verdskrig ved Bremnes kyrkje for å markera frigjerings- og veterandagen 8. mai. Ordførar Sammy Olsen heldt appell.

Under leiing av Linn Espeland akkompagnerte elevar frå Bømlo kulturskule på "Gud signe vårt dyre fedreland" før ordførar Sammy Olsen heldt appell. Han drog linjene frå 2. verdskrig til dagens situasjon i Ukraina, og kor viktig det er å stå opp for våre verdiar og fridom.

Appell frå ordføraren ved Blia-monumentet 2022 (PDF, 83 kB)

Elevar frå 5. trinn ved Svortland skule framførte så sitt program der dei las opp dikta "Aust-Vågøy" av Inger Hagerup og "Blia", eit dikt som Vermund Trohjell skreiv til avdukinga av Blia-monumentet ved Bremnes kyrkje 11. november 1991. Elevane fortalde og kort historia bak Blia-forliset der 43 menneske mista livet.

Elevane og publikum fulgte i prosesjon ned til  minnesmerket over dei falne under 2. verdskrig ved Bremnes kyrkje der elevar frå 7. trinn ved Gilje skule stod for opplesing og kransenedlegging. Etter eit minutts stille avslutta ein dagen med nasjonalsangen vår "Ja, vi elsker dette landet".

  

Til toppen