Me er no 12 061 bømlingar
Frå utgangen av 4. kvartal i 2021 syner folketalet i Bømlo ein vekst på 108 personar slik at me no er 12 061 innbyggjarar. I 2021 kom det 116 nye bømlingar til verda, medan 92 døydde som betyr eit fødselsoverskot på 24. Nettoinnflyttinga var på 87.
- Dette er sjølvsagt svært gledeleg for Bømlo kommune, for arbeidslivet og innbyggjarane i kommunen. Særleg positivt er det at me har ein god vekst i aldersgruppa mellom 30 og 40 år (totalt 40 personar), og at me har ein vekst på 41 born født i 2016-2020 (barnehageborn). Dette lovar godt for framtida til kommunen, meiner kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.
Tabell folketalsendringar 2021 i Vestland fylke
SSB
Sjå kommunefakta om Bømlo
Sist endra 25.02.2022 10:11