- Me skal leva her om 30 år

- Om 30 år vil me bu og stå midt oppi dette. Difor må me ta på alvor dei problema som vart løfta fram her i dag. Innbyggjarane må bli godt informerte om dei grepa som må takast for å løysa utfordringane.

mann på talarstol med bilde på storskjerm - Klikk for stort bileteKommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter løfta fram felles forståing for utfordringane og medverknad som viktig for å få til gode løysingar. Simon Knutsson Sortland

Problema Eirik Nitter i Bømlo ungdomsråd peikar på er kort oppsummert at me i framtida får mindre statlege pengar og færre yrkesaktive til å løysa dei kommunale oppgåvene. Ei berekna folketalsutvikling med fleire eldre og færre yngre betyr at det vil måtte brukast meir pengar innan helse- og omsorgssektoren enn i skule- og oppvekstsektoren. Det vert hard kamp om arbeidskrafta og ein stramare kommuneøkonomi.  

- Dansa med demografien

Nitter tok ordet under oppsummeringa med felles refleksjonar, innspel og spørsmål på budsjettkonferansen i kommunestyresalen torsdag 30. mars. Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter hadde invitert spesielt kommunestyrerepresentantar, råds- og utvalsmedlemer og tillitsvalde til ope møte om «Budsjett og økonomiplan 2024-2027 – korleis sikre økonomisk berekraft for Bømlo kommune». For å skapa ei sams forståing for utfordringsbiletet innleia KS-konsulent Olve Molvik om økonomisk berekraft og politisk styring. Han peika her på både problem og kom med gode strategiar for å løysa dei.

- Med fleire eldre og færre yngre i befolkninga vil Bømlo kommune i 2032 måtte bruka 25 prosent meir pengar innan pleie og omsorg og 18 prosent mindre på grunnskule enn i dag. Dette vert veldig krevjande, men det må handterast. Kort fortalt må de leggje om drifta då de til dømes ikkje kan ha same driftsnivå med langt færre elevar. Det positive er at de alt har gode planar for korleis de kan løysa problema, men de må starta i dag, understreka Molvik.

Hans bodskap er at kommunane må danse med demografien (folketalsutvikling) når det gjeld struktur, organisering og drift av dei kommunale tenestene. Den statlege finansieringa vil ikkje bli betre, så kommunane må ha ein knallgod vekststrategi. Til dømes i Bømlo der det er rekna trong for 120 nye institusjonsplassar fram mot 2036.

Struktur og tenestenivå

Molvik peika på lovrettar, økonomi og nye krav og forventningar til kommunale tenester i framtida. Meir effektiv drift er ein måte å spara pengar på. Tenestenivået og terskel for å få tenester og brukarbetaling er ein annan. Struktur er svindyrt så de bør sjå på skulestruktur, plassering av omsorgsbustadar og andre kommunale tenester.

- Verken staten eller me kan kjøpa oss ut av problema i framtida. Bømlo har brukt nær to milliardar på nye vegar så det er klart det må bety noko for tenestestrukturen vår, seier ordførar Sammy Olsen (Sp).

- Me må ta ned forventningane til innbyggjarane og sjå på nivået på tenestene våre. Kommunen kan ikkje drive med alt, påpeika varaordførar Ragnfrid Sønstabø (H).

mann talaer til mange mennesker samla rundt fleire bord - Klikk for stort bileteKS-konsulent Ole Molvik teikna utfordringsbiletet og gode strategiar for å møta desse under budsjettkonferansen i kommunestyresalen. Simon Knutsson Sortland

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter innleia frå administrasjonen som er plikta å leggja fram eit budsjettforslag i balanse for kommunestyret. 2023-budsjettet er eit nullbudsjett. Trass store utfordringar var han klar på at det er mogleg å skapa ei god kommunal drift. Til dømes at "eldrebølgja" kan vere ei ressurs om ein tilpassar drifta til behova.

Økonomisjef Jarle Nakken var tydeleg på at kommunen må snu den økonomiske utviklinga. Lånegjelda på 1,1 milliardar kroner og eit rentenivå som har stige frå 0,9 til 3,7 prosent på eitt år og framleis stigande betyr at bremsane må på for investeringar. Kritisk låg likviditet (pengar tilgjengeleg) har ført til at kommunen må søkje om 50 millionar kroner i kassakreditt. Han understreka kor viktig det er å byggje opp og verne om fonda til kommunen i dei komande åra.

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Bjørn Håvard Bjørklund, kommunalsjef for helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal og kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland orienterte om utfordringar i sine sektorar og kva handlingsrom dei meiner å ha. Dei peika på både strukturgrep, tenestenivå, og effektivisering av drift (anlegg og bygg etc.)

- Kva skal me ta ned?

- Å velge kva tenester me skal ta ned kan bli smertefullt, men me må starta no og ikkje overlate heile jobben til kommunestyret som kjem etter oss, meinte Sverre Hagerup Sørensen (Ap).

- Det er klart at me ikkje kan halda fram med same velferdsnivå som før, konstaterte Morten Helland (KrF). Me set pris på denne typen konferansar for å få ei sams forståing av utfordringane og få faktagrunnlag, la han til.

- Det er store tal men eg vert ikkje livredd. Me vert tvinga til å tenkje nytt. Dette er som når privatøkonomien vert vanskeleg. Du må ta grep her og no. Det viktigaste først, meiner Bjørn Asle Teige (Sp).

- Betre tilrettelegging og betre økonomi for barnefamiliar. Dei eldre som kan og vil må få lov til å yte, mellom anna til å stå lengre i arbeidslivet. Det er det eg vil prioritere, og er glad for desse samlingane, sa Unni Seim (SV). 

- Alle vil ha ein best mogleg kommune å bu i. Me må ta strukturelle grep og stå saman i dei store og vanskelege sakene. Eg kan vel som Churchill berre love blod, svette og tårer, sa Ragnfrid Sønstabø (H) under oppsummeringa.

- Må løfta dei store utfordringane

- Kommunen har god drift, eit næringsliv som går godt og det skjer veldig mykje positivt. Målet med denne konferansen og budsjettarbeidet framover er å løfta dei store utfordringane, og her er medverknad er viktig. Me legg opp til at både de her i salen og publikum skal få best mogleg informasjon undervegs i budsjettarbeidet. Eg ynskjer me kan stå skulder ved skulder og samla for å få eit godt debattklima framover, avrunda kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Til toppen