Me ynskjer ikkje heliumballongar i Bømlo kommune

Helium.jpg - Klikk for stort bilete

                                    (Illustrasjonsfoto frå Pixabay)

 

 

Me har alle sett i aviser og i sosiale media korleis heliumballongar har hamna som plastsøppel i naturen vår, ikkje minst etter 17. mai feiringa i år. Bømlo kommune og heile verda kjempar no ein kamp mot plastforureining i hav og langs strender. Eit tiltak for å hjelpe oss litt  på veg i denne kampen er å unngå bruk av heliumballongar, seier rådmann Geir E. Aga i Bømlo kommune.

 

Etter framlegg  frå Venstre vedtok Bømlo kommunestyre måndag 19. juni 2017 at Bømlo kommune vil forby sal av heliumballongar frå kommunal eigedom. Dette gjeld også kommunal gate- og veggrunn.

 

 

Bakgrunn

Bømlo kommune ynskjer eit forbod først og fremst for å hindra forureining og forsøpling som føl av ballongar som forsvinn ut i naturen. Samfunnet nyttar store ressursar på å halde skjergarden og strendene reine, og målet med dette forbodet er å hjelpa oss på veg.

I tillegg til at ballongane forureinar er det aukande fokus på knappheit  av helium i verda. Helium er i dag mellom anna brukt til å drifte MR-maskinar som er nytta til å stille medisinske diagnosar.

 

 

Vil ha fleire med på laget
- Kommunestyret ynskjer også at kommunen sine friviljuge lag, foreiningar, organisasjonar og næringsdrivande om å unngå sal og bruk av heliumballongar. I samsvar med kommunestyrevedtaket 19. juni oppmodar kommunen alle aktuelle utsalsstader om ikkje å ta inn å selje heliumballongar. 

Aga rosa elles dei friviljuge som stilte opp på strandryddeaksjonen tidlegare i vår, og den innsatsen dei gjer for miljøet gjennom året elles også.

  • Me må alle bidra med det me kan for å ta vare på miljøet og kloden vår. Dette vil vere eit lite, men ikkje ubetydeleg tiltak.

 

TV2 sak om heliumballongar: To byer innfører forbud mot heliumballonger

Publisert av Linn Jeanett Økland. Sist endra 27.06.2017
Fant du det du leitte etter?
 
Login for redigering