Meir normal skuledrift

Elevar ser i mikroskop.  (Bømlo kommune) - Klikk for stort bilete

I Bømlo held barne- og kombinertskulane fram med det skuletilbodet dei har hatt dei siste vekene, medan Bremnes ungdomsskule aukar skuleoppmøte frå neste veke av. 

 

 

Regjeringa varsla 26. mai om nye rettleiarar for barnehage- og skule, med tre nivå av smitteverntiltak. (Grønt er normal drift). Frå og med 2. juni går ein frå raudt til gult nivå, m.a. med mindre krav til gruppestorleik og avstand.
 
I Bømlo held barne- og kombinertskulane fram med det skuletilbodet dei har hatt dei siste vekene, medan Bremnes ungdomsskule aukar skuleoppmøte frå neste veke av.
 
Skuleskyssen har framleis redusert kapasitet grunna smittevern, så alle elevar som har høve til å gå, sykle eller bli privat køyrt til skulen blir bedne om å gjere dette. Slik vil dei som er avhengig av offentleg skuleskyss få plass på denne. 
 
Elevar og føresette får informasjon frå eigen skule.
 
 
Meir informasjon her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/barnehager-og-skoler-kan-lette-pa-smitteverntiltak/id2704130/

 

Sist endra 29.05.2020 16:50
Fant du det du leitte etter?